PlayStation 5

spelkonsoll frå Sony

PlayStation 5 (forkorta PS5) er ein spelkonsoll utvikla av Sony Interactive Entertainment. Konsollen vart annonsert i 2019 som ein oppfølgjar til PlayStation 4 og lansert den 12. november 2020 i Australia, Japan, New Zealand, Nord-Amerika, Singapore og Sør-Korea, og den 19. november 2020 i Europa.[1]

PlayStation 5

PlayStation 5 med handkontrollen DualSense
ProdusentSony Interactive Entertainment
TypeSpelkonsoll
LanseringJP: 12. november 2020
NA: 12. november 2020
EU: 19. november 2020
ForgjengarPlayStation 4
Nettstadwww.playstation.com/ps5/

Konsollen vart utgjeven i to variantar, ein grunnmodell med ein Ultra HD Blu-ray-kompatibel optisk diskstasjon, og ein digital variant som manglar denne stasjonen og fungerer som ein billegare modell for brukarar som føretrekkjer på kjøpe spel via digital distribusjon.[2]

Kjernefunksjonane til PlayStation 5 femner ein solid-state drive (SSD) som er tilpassa rask datastrøyming for å gje betre lagringsyting, ein AMD GPU som kan produsere grafikk i 4K-oppløysning og vise opp til 120 bilete i sekundet, maskinvare-aksellerert strålesporing (ray tracing) for meir realistiske lyseffektar og refleksjon, Tempest Engine for tredimensjonale lydeffektar og bakoverkompatibilitet med dei fleste titlane utgjevne til PlayStation 4 og PlayStation VR.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre