Ein plutino er ein himmellekam som i nærleiken av banen til Pluto fullfører to omlaup rundt sola for kvar gang Neptun gjer tre omlaup (2 : 3 resonans). Pluto og månen Charon er omgjeve av ein enorm sverm av himmellekamar, kjent som kuiperbelte-objekt eller transneptunske objekt. Mange av dei er isklumpar.

I følgje ein ny hypotese, Pluto-familiehypotesen, er nokre av plutinoene danna samstundes med Pluto og Charon i ein kraftig kollisjon. Ein reknar med at kuiperbeltet består av ca. 100  000 objekt. Kring 1/4 av dei kjende objekta i dette beltet er plutinoar. Nokre av dei største plutinoane er 90482 Orcus, 28978 Ixion og 38083 Rhadamanthus, som er på storleik med Charon med diametrar på rundt 1200 kilometer.

Kjelder endre

  • Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009). Plutino. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Plutino.

Bakgrunnsstoff endre