Polakkar er ei vestslavisk folkegruppe i Sentral-Europa knytte til Polen og språket polsk. Det polske ordet for polakkar er Polacy, eintalsformene er Polak for hannkjønn og Polka for hokjønn.

Polakkar i Rudawka Rymanowska i 2010.

Den polske grunnlova definerer alle polske statsborgarar som medlemmer av den polske nasjonen. Elles omfattar dei sju historiske regionane Stor-Polen, Vesle-Polen, Masovia, Pommern, Ermland og Schlesien tradisjonelle polske område. Den første polske statsdanninga fann stad under Piast-dynastiet, som oppretta det første kongeriket Polen i 1025.

Flesteparten av polakkane er katolikkar. I følgje CIA World Factbook tilhøyrer 89,8 % av polske statsborgarar den katolske kyrkja og rundt 75 % av dei er aktivt kristne. 1,3 % er ortodokse og 0,3 % er protestantar. Før andre verdskrigen hadde Polen den største konsentrasjonen av jødar i Europa, og dei utgjorde rundt 10 % av folketalet. Holocaust og seinare pogromar førte til at jødane nesten forsvann frå landet.[1]

Den polske diasporaen er stor, ettersom polakkar har busett seg i land som USA, Brasil og Israel (polske jødar). Mange er arbeidsinnvandrarar i andre EU- og EØS-land i kortare eller lengre periodar. Polakkar har til dømes vore den største ikkje-nordiske innvandrargruppa i Noreg i tida 1990-2010.[2]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.