Polarregionane

Wikimedia-fleirtydingsside

Polarregionane er områda som ligg kring polane på jorda. Nordpolen og Sørpolen er sentera i desse regionane og er dominerte av polare iskalottar i Nordishavet og Antarktis. Den polare havisen minkar for tida, truleg som følgje av global oppvarming.

Visualisering av snødekke og havis på Nord- og Sørpolen.

Definisjonar endre

Arktis har mange definisjonar, mellom anna området nord for den nordlege polarsirkelen eller området nord for 60° nord, eller regionen frå Nordpolen og sør til tregrensa.

Antarktis er vanlegvis definert som områda sør for 60° sør eller kontinentet Antarktika. Antarktistraktaten]] frå 1959 nyttar den første definisjonen.

Dei to polarregionane skil seg frå to andre klimatiske og biomatiske belter kring jorda: eit tropisk belte nær ekvator, og to regionar på midlare breidder mellom tropane og polarstroka.

Klima endre

For meir om dette emnet, sjå arktisk klima.

Polaroråmda får mindre intens solstråling fordi solenergien kjem inn med ein skrå vinkel, slik at solstrålene blir spreidd over eit større område, og må òg gå eit lengre stykke gjennom jordatmosfæren der strålinga kan bli absorbert, spreidd eller reflektert. Dette er same årsaka som gjer at vintrane er kaldare enn resten av året i tempererte område.

Hellinga til jordaksen har ein stor effekt på klimaet i polarområda. Sidan polarområda ligg lengst borte frå ekvator, får dei minst mengde solstråling og er derfor iskalde. Dei store mengdene is og snø reflekterer òg ein stor del av det vesle sollyset polarområda får, og forsterkar kulden. Polarområda har eit arktisk klima med ekstremt låge temperaturar, kraftig isbredanning i områda som får nok nedbør til å danne permanent isdekke, ekstreme variasjonar i mengda timar med dagslys med midnattssol om sommaren og mørketid om vinteren.

Arktis endre

Sjå òg Nordpolen.

Det er mange busetnader i den nordlege polarregionen. Land som ligg innanfor Arktis er USA (Alaska), Canada, Danmark (Grønland), Noreg, Finland, Sverige og Russland. Innbyggjarar innanfor heile Arktis har ofte meir til felles med kvarandre enn dei har med innbyggjarane i resten av landet sitt.

Antarktis og Sørishavet endre

Sjå òg Antarktis.

Den sørlege polarregionen har ingen permanente busetnader.[1] McMurdo-basen er den største forskingsstasjon i Antarktis, driven av United States. Andre kjende stasjonar er Palmer-stasjonen og Amundsen-Scott-stasjonen (USA), Esperanza-basen og Marambiobasen (Argentina), Scott-basen (New Zealand) og Vostok-stasjonen (Russland).

Det er ingen innfødde grupper eller kulturar her og området har eit komplekst økosystem, særleg langs kystområda av Antarktis. Oppvelling langs kysten gjer at store mengder næringsrikt vatn strøymer oppover og gjev næring til krill, som igjen gjev næring større dyr frå pingvinar til blåkvalar.

Polarregionar på andre planetar endre

Andre planetar og naturlege satellittar i solsystemet har nokre særeigne eigenskapar i polarregionane sine. På månen trur ein at det kan vere ein god del is i dei djupe kratera i polarområda. Mars har som jorda iskalottar på polane sine. På Uranus gjer den ekstreme hellinga til rotasjonsaksen til planeten gjer at polane vekselsvis peikar nesten rett mot sola.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Matthew Teller (20 June 2014). «Why do so many nations want a piece of Antarctica?» (på engelsk). BBC. Henta 22. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff endre