Polkadott
Polkadott (engelsk polka dot, 'polkaprikk') er eit mønster av runde prikker av same storleik eller ein prikk i eit slikt menster.[1] Mønsteret blei populært i England i siste halvdel av 1800-talet. Truleg fekk det namn på same måte som andre polka-ord frå denne tida, med bakgrunn i den samtidige farsotten for polkadans.[2]
Bruk
endrePolkadott-mønster blir mykje brukt på klede, leiker og møblar eller interiør. Dem venezuelanske motedesignaren Carolina Herrera brukte polkadottar på dei fleste kjolane ho utforma seint på 1980- og tidleg på 1990-talet, i tillegg til på eskene for parfymane Carolina Herrera, Herrera For Men, Aquaflore og Flore.[3]
I Tour de France bruker ein ei kvit trøye med raude polkadottar for den som har flest klatrepoeng i løpet av meisterskapet.
I kulturen
endreOmgrepet blir brukt i jazz-standarden «Polka Dots and Moonbeams», ein song med musikk Jimmy Van Heusen og tekst av Johnny Burke som kom ut i 1940. Dette var den første hitten til Frank Sinatra med Tommy Dorsey Orchestra. Songen er blant dei 100 mest innspelte jazz-standardane.[4] Mønsteret har også ei viktig tyding i teksten til popsongen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Denne blei lansert i 1960 av Brian Hyland.
Musikalfilmen The Gang's All Here frå 1943, regissert av Busby Berkeley, inneheldt eit større nummer kring «The Polka-Dot Polka».[5] Denne songen var skriven av Harry Warren og Leo Robin, og sungen av Alice Faye med Busby Berkeley-dansarane.[6]
Kunstnaren Yayoi Kusama bruker ofte polkadottar i verka sine,[7][8] som i installasjonen Ascension of Polkadots on the Trees ved Singapore-biennalen i 2006.
Galleri
endre-
Fotografi av amerikansk kvinne med kjole med polkadottmønster på 1860-talet.
-
Jentekjole med polkadottar frå rundt 1869.
-
Dronning Emma av Hawaii med polkadottmønstra klede rundt 1870-talet.
-
Parismote med polkadottar frå 1911.
-
Kjole med polkadott-mønster frå 1959.
-
Minikjole med polkadottar frå Biba på 1960-talet.
-
Førstedame Betty Ford sin gule kjole med gule polkadottar frå 1974.
-
Barnekjole med polkadott-mønster.
-
Kvinne i polkadott-drakt i 2015.
-
Ascension of Polkadots on the Trees av Yayoi Kusama.
-
Bordduk med polkadott-mønster.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Polka dot» frå Wikipedia på svensk, og «Polka dot» frå Wikipedia på engelsk den 28. april 2020.
- ↑ «polkadott» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «polka», Oxford English Dictionary, «On account of the popularity of the dance, polka was prefixed as a trade name to articles of all kinds (cf. quot. 1898 in 1); e.g. the polka curtain-band (for looping up curtains), polka-gauze, polka hat; {polka-dot}, a pattern consisting of dots of uniform size and arrangement; also fig., attrib. or as adj., and as v. trans.; hence polka-dotted adj.»
- ↑ «Embroidered Polka Dots Lace Top». www.joycard.gr. Arkivert frå originalen 16. november 2016. Henta 15. november 2016.
- ↑ «Jazz Standards Songs and Instrumentals (Polka Dots and Moonbeams)». www.jazzstandards.com. Henta 23. januar 2018.
- ↑ Gregory May (17. oktober 2008), The Polka-Dot Polka, henta 24. oktober 2018
- ↑ The Gang's All Here, henta 25. september 2017
- ↑ Lylynguyen. «"Queen of Polka dots" holds exhibit in Vietnam». VX Art News. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 13. mai 2014.
- ↑ Nachmann, Ron. «Of obliteration and polka dots: films on the vividly obsessive art of Yayoi Kusama». Dangerous Minds. Henta 13. mai 2014.