Opna hovudmenyen
Utgraving av eit hus

Pompeii (nokre gonger stava Pompeji eller Pompei) var ein by i Romarriket. Byen ligg som ein ruin i det noverande Italia, ved Napoli.

Byane Pompeii og Herculaneum vart lagt øyde i samband med vulkanen Vesuv sitt utbrot i år 79 e.Kr.. Pompeii vart ikkje ramma av lava, men vart gravlagd i oska frå utbrotet, og difor vart byggverka i byen for ein stor del ikkje øydelagd.

1700-talet vart byen oppdaga att og i 1861 byrja ein ei systematisk arkeologisk utgraving av byen. Det spesielle med utgravinga av Pompeii er dei mange avstøypingane av døde menneske. Mange av innbyggjarane vart innkapsla i oske, og etter dei vart det eit hol som ein kan fylla med gips og laga ei avstøyping.

Utgravingsområda er teke med på UNESCO si liste over verdsarv.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pompeii
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.