Pompel og Pilt er dei to hovudfigurane i den surrealistiske dokketeater-serien Reparatørene kommer! Serien gjekk som Barne-TVNRK og vart første gong send i 1969. Serien var produsert av Bjørg Mykle og Arne Mykle i samarbeid med Ebbe Ording. Serien vart deretter send på NRK i 1973, 1976, 1979, 1985 og 1994. Det lange opphaldet skuldast at NRK meinte at serien var uskikka for barn. Serien vart lansert som «pre-ironisk» i programbladet i 1969.

Regi, musikk og klipping endre

Handlinga endre

Hovudpersonane er dei to lett forvirra reparatørane og ein innpåsliten Gorgon vaktmeister. Same kor mykje Pompel og Pilt rotar og øydelegg, blir han aldri sint. Gorgon er vaktmeister i eit merkeleg bygningskompleks, og Pompel og Pilt klarer aldri å reparere nokon ting. Moffedille og Migrantene er andre gjennomgangsfigurar. Gorgon vaktmeister ser ut til å ha ein heil familie; i ein episode møter vi ein veldig svolten baby, i fjerde episode møter vi fru Gorgon og dei dyrebare eskene hennar, og i femte episode møter vi den sinte Gorgon Assistentvaktmester, som på det bestemtaste skal ha seg fråbedt ei kvar hjelp frå Pompel og Pilt. Vi ser aldri desse figurane samtidig så det er uvisst om fru Gorgon er i familie med Gorgon vaktmeister eller kven babyen høyrer til; i tilfellet Gorgon Assistentvaktmester er det ein viss sjanse for at han ikkje eksisterer, og at det berre er Gorgon Vaktmester som har teke på seg ein lausbart.

Pompel og Pilt ser ut til å kjenne Gorgon Vaktmester, og dei veit òg namnet på Moffedillen, men elles er det ikkje mykje dei veit om husa (huset?) dei stadig kjem til.

I kvar episode leitar Pompel og Pilt etter noko å reparere. Kvar gong dei freistar å reparere noko ender det med totalt kaos


Episodar i «Reparatørene» endre

  • Reparatørane kommer (Pompel og Pilt freistar å reparere ein serie dominobrikker. Dei klarer òg å rekke opp eit strikka forheng som hadde ein laus tråd.)
  • Reparatørane kommer og kommer (Dei gjev Gorgon baby masse mat og riv ned alle tallerkane dei hadde brukt.)
  • Reparatørane kommer igjen (Dei riv ned ein mur.)
  • Reparatørane kommer tilbake (Dei hjelper Fru Gorgon med å stable esker.)
  • Reparatørane kommer tilbake igjen (Gorgon Assistentvaktmester freistar å jage Pompel og Pilt, men dei fortsetter å reparere likevel, og får ein stor maskin til å bryte saman.)

Kvar av episodane er kring femten minutt lange.

Tilgjengeleg på DVD endre

Pompel og Pilt er tilgjengeleg på DVD frå NRK. Serien blei òg utgjeve på VHS tidleg på 90-talet.

Parodi endre

Teikneserieforfattaren Jon Arne Sæterøy (Jason) laga i si tid ein parodi på serien, som ein krysning mellom dokkefilmen og TV-serien X-files. I denne varianten var Pompel i rolla som Mulder, medan Pilt var Scully. Dialogen var som i dokkefilmane, med ombytta namn: "Scully først?" "Scully først". Gorgon hadde rolla som arbeidsgjevar, og Mulder/Pompel hadde mobiltelefon. Moralen, etter at paret har stadfest at mofedilla finst, er "Nå skjønner kanskje Scully at det er bedre med to FBI-agenter enn med ingen FBI-agenter". Stripa hadde namnet X-pilt, som ein kunne vente.

Kjelde endre

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på bokmål/riksmål 12.04.2007

Bakgrunnsstoff endre