Porøsitet er eit uttrykk for kor mange prosent holroma utgjer av totalvolumet av ei bergart. Dei fleste bergartene inneheld porerom, men porøsiteten varierer sterkt for dei ulike bergartene på grunn av dei ulike måtane dei vert danna på, og kva som har hendt med dei sidan. Vanleg, laus sand har ein porøsitet på 39–54 %, leire kan ha over 90 %. Porøsiteten minkar jo djupare bergartene har vorte gravlagde, og jo større forandringar som har føregått med dei.

Porøsiteten gjev eit mål for kor mykje væske eller gass ei bergart kan innehalde, og då alle porerom under grunnvasspegelen er fylla med vatn, sjeldnare olje eller gass, spelar studiet av porøsiteten ei viktig rolle i petroleums- og hydrogeologien. Til måling av porøsiteten i bergarter i petroleumsbrønner nyttar ein porøsitetslogg.

Kjelder endre

  • «Porøsitet». Store norske leksikon. 20. oktober 2011. Henta 1. desember 2013.