Porsanger museum (Porsáŋggu musea/Porsangin museuo) er eit museum i Lakselv i Porsanger kommune.[1] Museet blei skipa av kommunen i 1998, med utgangspunkt i samlingar som Porsanger historie- og museumslag byrja å samla inn på 1960-talet.[2]

Porsanger museum
StadTorget i Lakselv sentrum
9700 Lakselv
Porsanger kommune
Kart
Porsanger museum
70°10′46″N 24°54′33″E / 70.17944444°N 24.90905°E / 70.17944444; 24.90905

Porsanger er eit trekulturelt område. Porsanger Museum presenterer derfor samisk, kvensk og norsk kulturhistorie og naturbruk, i tillegg til krigshistorie frå andre verdskrigen. Krigsutstillinga blei fornya i 2016.[3] Soga til Johan Kaaven er også presentert i museet.

Museet er ein del av stiftinga RiddoDuottarMuseat, ei konsolidering av fire samiske museum og eit samisk kunstmagasin i Vest-Finnmark.

Kjelder endre

  1. Offisiell nettstad
  2. Porsanger museum / Porsáŋggu musea / Porsangin museo; Porsanger kommunes nettsider
  3. – En gledens dag i Porsanger Arkivert 2018-08-28 ved Wayback Machine.; Sparebankstiftelsen SpareBank 1 Nord-Norge, 8.4.2016

Bakgrunnsstoff endre