Portsea Island er ei lita, flat og lågtliggande øy like utanfor sørkysten av England. Øya ligg innanfor og omfattar store delar av byen Portsmouth. Ho er den tredje mest folkerike øya av Dei britiske øyane, etter øya Storbritannia og Irland.

Portsea
Portsmouth og Portsea Island sett frå Portsdown Hill
Portsmouth og Portsea Island sett frå Portsdown Hill
Geografi
Stad Solent
Koordinatar 50°47′33″N 1°05′31″W / 50.79243°N 1.09194°W / 50.79243; -1.09194

Administrasjon
Land England
Grevskap Hampshire

Demografi
Folketal 147088

I aust ligg Langstone Harbour og i vest Portsmouth Harbour. I sør vender ho ut mot Solent. Ein liten kanal, Ports Creek, skil øya frå fastlandet.

Tre vegbruer (M275, A3 og A2030), ei gangbru og ei jernbanebru går frå øya til fastlandet, og ei lita vegbru går vidare til Whale Island. I tillegg går det båtruter til Gosport (på fastlandet), Hayling Island og Isle of Wight.

Namnet Portsea vert òg nytta om eit administrativ distrikt i Portsmouth, som ligg i det sørvestlege hjørnet i øya.

Kjelder endre