Postimpresjonisme

(Omdirigert frå Post-impresjonisme)

Postimpresjonisme (også kalla neoimpresjonisme) er ei samlenemning for ulike, nærslekta stilartar av måleri laga mellom 1880 og 1905, og som etterfylgde impresjonismen. Dei kunstmiljøa som utvikla postsimpresjonismen var alle lokalisert til Frankrike.

Henri Rousseau: Hundre års sjølvstende, 1892

Historie endre

Omgrepet postimpresjonisme vart fyrste gongen brukt av den engelske kunstkritikaren Roger Fry i 1910. Han nytta det då han skipa til utstillinga «Manet og postimpresjonistane» på Grafton Galleries i London. Måleri av Paul Cézanne, Paul Gauguin og Vincent van Gogh var mellom dei som då vart utstilt. Grensene mellom impresjonistiske og postimpresjonistiske måleri er uklare. I Frankrike vert også Henri de Toulouse-Lautrec og Georges Seurat rekna som postimpresjonistar. Særleg Cézanne høyrer til både den eine eller den andre kategorien.

Med den impresjonistiske kunsten frå 1870-åra kjem til syne ei grunnleggande endra oppfatning av kunst, det første steget mot moderne kunst. Dei seinaste impresjonistane vidareførte desse oppfatningane, med større spontanitet og virtuositet enn forgjengarane. Tendensen var å sjå biletet som ein separat struktur, heilt underlagt farge og form og til estetisk glede, i tillegg til å vera ei formidling av dei subjektive kjenslene til kunstnaren. Scena var delt inn i eit sofistikert rammeverk av flater og linjer som strekker seg frå det kjende, overbevisande inntrykk av kroppar og til fjerntliggande objekt. Fargefelta og skuggeområda kan bety lys, men dei er punkt og reine fargar som ikkje finst i naturen. Bileta vender seg mot ein tilskodar open for dei subjektive, kreative kreftene som målaren berrleggjer. Han må vere klar til å oppleve fargar og linjer på eit høgre nivå enn den naturlege utsjånaden til tingen, som det vart lagt mindre og mindre vekt på.

Cézanne forvandla motiva sine i eit system med stor klårleik og styrke. Hans analytiske måleri undersøker volumet av gjenstandane, spesielt kjem det fram i landskap med krystallinske strukturar, noko som elles peikar fram mot kubismen. Gauguin utvikla ein ny, dekorativ stil med dristige fargar og forenkla former. Han omtala det som syntetisme ettersom han knytte saman ulike inntrykk, som til dømes glasmåleri i kyrkjene, til det naive og direkte i folkekunsten og i japansk trestikk, som frå omkring 1850 nådde Europa og hadde påverka impresjonistane.

Også Toulouse-Lautrec vart påverka av japansk grafisk kunst. Klaraste provet på dette er dei fargelitografia og plakatane han laga til underhaldningsstader som Paris Montmartre. Oppblomstringa av plakatkunst førte mellom anna til at Vincent van Gogh i nokre år, 1886-90, måla ein serie med lidenskapleg uttrykksfulle bilete. I fargen såg han eit særleg språk som kunne virke direkte med mennesket si sjel. Stilen førevarslar funksjonar i ekspresjonismen.

Seurat baserte kunsten sin på den ekspressive krafta i fargen, men utan den begeistring ein fann hos van Gogh. I staden skapte han på grunnlag av vitskaplege teoriar ein måleriteknikk som gjennom det optiske skal gje ein særleg intens effekt, heile bilete er ein mosaikk av små fargepunkt skilt frå kvarandre i serie, kjent som pointillisme.

Frå ulike ståstader førebudde postimpresjonistane den moderne kunsten. Felles for dei alle er den avgjerande endringa; bort frå å herme etter naturen overt til ein autonom eksistens for biletet.

Døme endre

Postimpresjonistar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Postimpresjonisme