Post-rock er ein musikksjanger innan eksperimentell rock,[3] karakterisert av bruken av rockeinstrument til å utforska tekstur og klangfarge heller enn tradisjonelle songstrukturar, akkordar eller riff.[4] Musikken er ofte laga ved hjelp av rockeinstrument i lag med elektronikk,[3] og er ofte instrumental.[5][6][3]

Sjølv om musikkstilen stammar frå indie og underground-scena frå 1980- og tidleg 1990-tal har post-rock-stilen ofte lite til felles musikalsk med samtidig indie-rock, ettersom han skil seg kraftig frå rockekonvensjonane.[6] Silen kan låna inn element frå sjangrar som ambient, krautrock, IDM, jazz, minimalistisk musikk og dub-musikk.[3]

Nokre kjende post-rockgrupper er Sigur Rós, Explosions in the Sky, Mono, Godspeed You! Black Emperor, Stereolab, Maybeshewill, Mogwai, Disco Inferno og Tortoise, med individuelle stilar som kan variera mykje sjølv om dei fleste nytter electrisk gitar og trommer. Derfor har omgrepet vore omdiskutert både blant utøvarar og lyttarar.[7]

Kjelder endre

  1. Howells, Tom (October 5, 2015). «Blackgaze: meet the bands taking black metal out of the shadows». The Guardian. Henta September 28, 2017. «Enter "blackgaze", the buzz term for a new school of bands taking black metal out of the shadows and melding its blast beats, dungeon wailing and razorwire guitars with the more reflective melodies of post-rock, shoegaze and post-hardcore.» 
  2. Bloggins, Kenny (3. april 2012). «Dreamlab: The Semantics of Post-Rock». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 28. september 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Post-Rock». AllMusic. Henta 28. september 2017. 
  4. Everett True (6. oktober 2017). «Bark Pychosis». Classic Rock. pressreader. 
  5. Reynolds, Simon (May 1994). «S. T.». The Wire. Arkivert frå originalen 2. desember 2001. Henta 8. juli 2007. 
  6. 6,0 6,1 Abebe, Nitsuh (11. juli 2005). «The Lost Generation» (PDF). Pitchfork Media. Henta 28. september 2017. 
  7. Redfern, Mark (2001). «A Conversation with Mogwai's Dominic Aitchison». Under the Radar. Arkivert frå originalen 12. februar 2003. Henta 28. november 2006.