Postkort er eit kort av papir med plass til ei adresse, ei melding, og ofte eit biletmotiv på eine sida, og som blir sendt i posten.[1] Uttrykket blir brukt både om ferdig frankerte brevkort, og om prospektkort, som er slike postkort som har ein illustrasjon på den eine sida, gjerne eit fotografi av ein stad, eit landskap, ein bygning, eit bygningsmiljø og liknande.

Svensk postkort, prospektkort, med SS «Jarl» av 1907 i hamna i Oskarshamn.
Norsk postkort som syner isskjering ikring 1910
Foto: Nasjonalbibliotekets biletsamling
Sida for adresse og melding på eit prospektkort, eit postkort med bilete på framsida
Det fyrste postkortet, eit austerrisk Correspondenz-Karte av den typen som vart teke i bruk i 1869. Dette postkortet er poststempla 22. oktober 1870 i Linz, og stempla på nytt på mottakspostkontoret i Wien 23. oktober 1870.

Postkorta vart tekne i bruk i Austerrike i 1869, og kom til Noreg i 1871.[1]

Frå byrjinga av 1900-talet og i det meste av dette hundreåret, fram til meldingar og bilete sende over internett og smarttelefonar vart vanleg, var postkort særs populære for å syne familie og vener staden ein budde på, eller dei stadene ein vitja på reiser. I vår tid er det kan hende for det meste dei såkalla jolekorta med teikningar av nissar, dompapar i jolenek, idylliserte, snødekte by- og bygdelandskap og liknande, som held tradisjonen med å sende postkort til familie og vener oppe.

Prospektkort har blitt sjølvstendige samleobjekt, slik frimerke har blitt det. Til liks med at sytematisk frimerkesamling og studiet av frimerke blir kalla filateli, har systematisk samling av prospektkort og studiet av slike kort fått nemninga deltiologinorsk, svensk og dansk, deltiology på engelsk, cartophilie på fransk, Philokartie på tysk og cartofilia eller deltiología på spansk.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «postkort». Store norske leksikon. Henta 5. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Postkort
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.