Poti, ფოთი
Horisonten til Poti
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Flatevidd 65,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)

41 465
Koordinatar 42°09′″N 41°40′″EKoordinatar: 42°09′″N 41°40′″E
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Nettstad: www.poti.ge

Poti (georgisk ფოთი, Poti) er ein by vest i Georgia i provinsen Samegrelo-Zemo Svaneti. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og er ein av tre hamnebyar i Georgia. I nærleiken av byen munnar elva Rioni ut i Svartehavet. Byen har 41 465 innbyggjarar (2014).

Poti vart grunnlagd som ein gresk koloni på 600-talet fvt. og kalla opp etter Phasis. Den første jernbanen som vart konstruert i Georgia vart lagd mellom Poti og Sjorapani i 1871. Segna om Det gylne skinnet (argonautne, Jason og Medea) fann stad ved Poti og elva Rioni.

Poti har eit subtropisk klima. Vinteren er mild og varm, og normaltemperaturen i januar er 5,2 °C. I juli er normalen 22,9 °C. Byen får ein god del nedbør og årsnormalen er på 1 960 mm.

Hovudnæringane i byen er service- og næringsmiddelindustri.

Marinebasen til Den georgiske marinen ligg i Poti.

BakgrunnsstoffEndra