Préliminaires
Studioalbum av Iggy Pop
Språk engelsk
Utgjeve 25. mai 2009 (EU)
2. juni 2009 (USA)
Innspelt Tidleg 2009
Studio Miami i Florida og Woodstock i New York i USA
Sjanger
Lengd 36:19
Selskap
Produsent Hal Cragin
Iggy Pop-kronologi 
A Million in Prizes: The Anthology
(2005)
Préliminaires Après
(2012)


Préliminaires er det 16. studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop, gjeve ut 25. mai 2009 på selskapet Astralwerks. Det var inspirert av Michel Houellebecq-romanen La Possibilité d'une île.

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic66/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars [3]
Drowned in Sound4/10[4]
The Guardian4/5 stars[5]
NME8/10[6]
Pitchfork5.4/10[7]
Rolling Stone2.5/5 stars[8]
Spin3/5 stars[9]

I motsetnad til tidlegare album, er dette mindre rock-orientert og vart av Pop sagt å vere «eit rolegare album med jazz-overtonar» med stilar påverka av New Orleans-jazzartistar som Louis Armstrong og Jelly Roll Morton. Pop innrømde òg at albumet var eit svar på at han var «dritlei å lytte til idiotar med gitarar som hamra ut dritmusikk».

Albumet inneheldt ein coverversjon av den franske jazzstandarden «Les feuilles mortes» frå 1940-åra, som Iggy syng på fransk. Songen er mest knytt til artistar som Yves Montand og Edith Piaf. Albumet inneheld òg songar som «How Insensitive», ein bossa nova-standard av Antônio Carlos Jobim, og «Nice to Be Dead», ein meir swamp rock-song.

Plateomslaget vart laga av den fransk-iranske romanforfattaren og animatøren Marjane Satrapi.

Mottaking endre

Albumet fekk 66 av 100 på Metacritic, basert på 27 meldingar, noko som indikerer generelt greie meldingar.[2]

Albumet debuterte på 187. plassen på Billboard 200,[10] og selde kring 3000 eksemplar den første veka ho kom ut. Albumet har fram til februar 2016 seld 10 000 eksemplar i USA.[11]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Les feuilles mortes»musikk: Joseph Kosma; tekst: Jacques Prévert3:55
2.«I Want to Go to the Beach»Iggy Pop2:53
3.«King of The Dogs»Lil Armstrong, Iggy Pop2:02
4.«Je sais que tu sais»Lucie Aimé, Hal Cragin, Iggy Pop3:12
5.«Spanish Coast»Hal Cragin, Iggy Pop3:59
6.«Nice to Be Dead»Hal Cragin, Iggy Pop2:49
7.«How Insensitive»Vinicius De Moraes, Ray Gilbert, Antônio Carlos Jobim3:03
8.«Party Time»Hal Cragin, Iggy Pop2:08
9.«He's Dead / She's Alive»Iggy Pop2:00
10.«A Machine for Loving»Hal Cragin, Michel Houellebecq, Iggy Pop3:16
11.«She's a Business»Hal Cragin, Iggy Pop3:11
12.«Les feuilles mortes (Marc's Theme)»musikk: Joseph Kosma; tekst: Jacques Prévert3:53

Medverkande endre

  • Iggy Pop – vokal, konsept, gitar på «He's Dead, She's Alive»
  • Hal Cragin – bass, gitar, perkusjon, klaverinstrument, trommeprogrammering
  • Kevin Hupp - trommer, conga
  • Jon Cowherd – piano på «King of the Dogs»
  • Clarence L. Banks - trombone på «King of the Dogs»
  • Tim Ouimette – trompet på «King of the Dogs»
  • Marc Phaneuf- klarinett på «Les feuilles mortes», «King of the Dogs» og «Les feuilles mortes (Marc's Theme)»
  • Lucie Aimé - vokal på «Je sais que tu sais»
Teknisk
  • Alfred Figueroa, Iggy Pop, Kevin Hupp - lydteknikarar
  • Marjane Satrapi - måleri

«King of the Dogs» inneheld element av «King of the Zulus» skriven av Lillian Hardin Armstrong

Salslister endre

Liste (2009) Plassering
Den belgiske albumlista (Flandern)[12] 76
Den belgiske albumlista (Vallonia)[13] 39
Den franske albumlista[14] 19
Den svenske albumlista[15] 44
Den sveitsiske albumlista[16] 48
US Billboard 200[17] 187

Kjelder endre

  1. «Iggy Pop – Préliminaires». 
  2. 2,0 2,1 «Preliminaires by Iggy Pop». Metacritic. 
  3. Deming, Mark. PréliminairesAllmusic
  4. «Album Review: Iggy Pop - Préliminaires». Arkivert frå originalen 10. august 2016. Henta 9. mai 2018. 
  5. Simpson, Dave (21. mai 2009). «Iggy Pop: Préliminaires». Henta 9. mai 2018 – via The Guardian. 
  6. NME.COM. «Album review: Iggy Pop - 'Preliminaires' - NME.COM». Henta 9. mai 2018. 
  7. «Iggy Pop: Préliminaires Album Review - Pitchfork». Henta 9. mai 2018. 
  8. Dolan, Jon (22. juni 2009). «Iggy Pop Preliminaires Album Review | Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. mai 2018. Henta May 2016. 
  9. Spin review Arkivert 2009-05-20 ved Wayback Machine.
  10. «Billboard 200». Billboard. 20. juni 2009. 
  11. «Upcoming Releases». Hits Daily Double. HITS Digital Ventures. Arkivert frå originalen 29. februar 2016. 
  12. «Iggy Pop - Préliminaires». Ultra Top. Hung Medien. 
  13. «Iggy Pop - Préliminaires». Ultra Top. Hung Medien. 
  14. «Iggy Pop - Préliminaires». lescharts.com. Hung Medien. 
  15. «Iggy Pop - Préliminaires». swedishcharts.com. Hung Medien. 
  16. «Iggy Pop - Préliminaires». Hitparade.com. Hung Medien. 
  17. "Iggy Pop Album & Song Chart History" Billboard 200 for Iggy Pop. Prometheus Global Media.