Prahavåren er ei nemning bruka om den reformkommunistiske politikken Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet under leiing av Aleksander Dubček førte i 1968.

Under det kommunistiske styret sidan 1948 hadde den tsjekkoslovakiske økonomien kome i vanskar og avsløringane under avstaliniseringa i Sovjetunionen skapte òg uro. I oktober 1967 vart dåverande generalsekretær og president Antonín Novotný kritisert av reformkommunistar, mellom dei økonomen Ota Šik. Novotný fekk ikkje støtte verken i sentralkomiteen eller Moskva. Han måtte derfor gå av som generalsekretær og vart erstatta av Dubček 5. januar 1968. Fram til invasjonen 21. august gjorde Dubček alvorlege forsøk på å liberalisere det politiske styret og innføre det han kalla «sosialisme med eit menneskeleg ansikt».

Dubček forsøkte å forsikre dei sovjetiske leiarane om at han framleis var venlegsinna mot Moskva, og argumenterte med at forandringane var ei heilt intern sak. Men Prahavåren tok altså brått slutt då militære troppar frå Warszawapakta invaderte landet og okkuperte Praha.

Dubček oppmoda befolkninga til ikkje å gjere væpna motstand mot invasjonsstyrkane. Dette førte til at invasjonen ikkje kravde mange menneskeliv. Men Dubček sjølv og nøkkelpersonane i reformarbeidet vart arresterte, og dei vart førte til Moskva der dei vart tvinga til å akseptere dei sovjetiske krava og måtte love å stanse reformarbeidet.

Dubček vart send tilbake til Praha etter nokre dagar, og han sat i stillinga som generalsekretær fram til april 1969, då han vart avsett og send til Ankara som ambassadør til Tyrkia. Han vart sidan, i juni 1970, ekskludert frå partiet.