Preben Prebz Thomassen Fjell (fødd 4. oktober 1990) er ein norsk tidlegare youtubar.[1] Saman med Dennis Vareide dreiv han den norskspråklege YouTube-kanalen PrebzOgDennis. Kanalen hadde omtrent 250 000 abonnentar og 175 000 000 visningar då det i januar 2018 vart kunngjort at kanalen skulle leggast ned.

Preben Fjell

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1990 (33 år)
Sotra
Yrke youtubar, radioprogramleiar
Preben Fjell på Commons

Biografi

endre

Fjell og Vareide møttest på Jeløy Folkehøyskole. Etter å ha hatt kvar kanalane sine på YouTube, starta dei ein felles kanal hausten 2012.

August 2017 hadde filmen Prebz og Dennis: The Movie premiere. Filmen følgjer Prebz og Dennis gjennom diverse stunt og påfunn.

Etter at PrebzOgDennis vart lagt ned i 2018 har han jobba som digital marknadsførar, innhaldsprodusent og radiovert. Fram til hausten 2021 var han fellesskaps- og innhaldsmanager for nettlesaren Vivaldi.

Hausten 2020 vart han tilsett i selskapet som utviklar av matematikkspelet Numetry.[2]

Kjelder

endre
  1. «Preben Fjell». Famous Birthdays. Henta 18. november 2021. 
  2. «Lær om gjengen bak Numetry», Mattespillet Numetry (på engelsk), henta 14. april 2022 

Bakgrunnsstoff

endre