Prevensjon vert i Noreg i hovudsak nytta om eit vern mot uynskt graviditet i samband med sex. Kondomar kan i tillegg verna mot kjønnssjukdommar. Utbreiinga av prevensjonsmiddel har gjort det langt lettare for folk å planleggja kor mange born dei ville ha. Tidlegare var det i større grad slik at ein måtte ta imot det naturen gav, sjølv om det var mogleg å satsa på å ha sex i periodar utan eggløysing, og på å «hoppa av i svingen».

Døme på prevensjon er: endre

  • Kondom - Gummi-overtrekk for penis, som fangar opp sperm under samleie. Overtrekket hindrar også direkte fysisk kontakt mellom kjønnsorgana og dermed overføring av kjønnssjukdommar.
  • Pessar - Membran som vert plassert over livmorshalsen inst i skjeden åt kvinna. Pessaret gjer at sperm ikkje kan koma i kontakt med eggcella og hindrar dermed graviditet. Pessaret hindrar ikkje overføring av kjønnssjukdommar.
  • Sterilisering - Sædleiar hjå mannen, vert kutta ved kirurgisk inngrep. Sædcellene kjem dermed ikkje ut or kroppen til mannen. Eggleiar vert kutta hjå kvinna, og eggcelle og sædcelle kan dermed ikkje møtast.
  • P-pille - Hormonpille kvinna kan ta for å hindra eggløysing frå eggstokken (ovariet).
  • Minipille - Ein variant av P-pilla. Inneheld mindre hormon, men stiller større krav til at ein må ta pilla på nøyaktig rett tidspunkt kvar dag. Minipillen hindrar ikkje (dei fleste) eggløysingar, men verkar ved at sekretet (slimet) i livmorshalsen vert seigare og gjer det vanskeleg for sædcellene å trengja gjennom. I tillegg påverkar minipillen slimhinna inne i livmora slik at eit egg som likevel måtte ha blitt befrukta, har vanskar med å festa seg i livmorveggen.
  • Sæddrepande skum/gelé - Vert påført penis før samleie og drep sædcellene som vert ejakulert. Kan nyttast i kombinasjon med andre prevensjonsmiddel.
  • Spiral - ein T-forma ting ein gynekolog kan plassera i livmora. Spiralen får kroppen til å skilja ut stoff som, saman med koparet i spiralen, drep sæd- og eggceller. Namnet kjem av at tidlege spiralar var spiralforma.