Primas
Primas (av latin primus, 'den første') er ein kyrkjetittel som kan brukast om den øvste geistlege i eit land eller ei kyrkjeavdeling.
I den katolske kyrkja har enkelte erkebiskopar tittelen «primas». I den anglikanske kyrkja har erkebiskopen av York tittelen «Primate of England», medan erkebiskopen av Canterbury blir kalla «Primate of all England».
Kjelder
endre- «Primas: den øverste geistlige» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. april 2015.