Pro rata-ansvar

Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.

Pro rata-ansvar (av latin, pro = «for» og rata = «bestemd ved beregning») tyder rett omsett forholdsmessig ansvar eller delt ansvar (verta òg omtalt som proratarisk ansvar). Dette finst der to eller fleire partar er ansvarlege (debitorar) for same krav, men der kreditor må krevja ein forholdsmessig del av kvar av dem. Der to debitorar heftar proratarisk for eit beløp på 100 000 kroner, vil den eine kunna verta fri for forpliktinga ved å innbetala 50 000, medan kreditor må innkrevja det attverande hos debitor nummer 2 (føresett at debitorane heftar for 50 % kvar, noko som vil vera hovudregelen). Pro rata-ansvar er såleis motsatsen til solidaransvar, der kreditor kan krevja heile sit tilgodehavende hos ein av skyldnarne, medan desse så må ordna opp seg i mellom i ettertid.

I norsk rett er utgangspunktet ved samskyld at det finst solidaransvar. Pro rata-hefte føreset såleis særleg lovhjemmel eller avtale med kreditor. Eit praktisk døme er i ansvarleg selskap med delt ansvar (DA).

KjelderEndra