Yrkesforsvar

(Omdirigert frå Profesjonell hær)

Yrkesforsvar eller profesjonelt forsvar viser til eit militærvesen rekruttert av frivillige som har verva seg, til forskjell frå eit som byggjer heilt eller delvis på verneplikt. Alle dei tilsette i eit slikt forsvar har soldatyrket eller liknande som profesjon.

* Blått = Land med yrkeforsvar
* Raudt = Vernepliktsforsvar
* Gult = Stader der verneplikt er nyleg eller i ferd med å bli avskaaffa.
* Grønt = Utan eige forsvar

Grunnar til at ein har eit yrkesforsvar kan vera tradisjon, at ein ønskjer å unngå ei upopulær eller uhandterbar verneplikt,[1] ei oppfatting om at frivillige soldatar er betre eller meir motiverte enn vernepliktige, eller andre grunnar som kan vera administrative eller økonomiske. For ein ståande hær kan det vera nyttige med profesjonelle soldatar som raskt kan sendast til konfliktar om dette trengst.[2] Men ein utstrekt bruk av profesjonelle soldatar er òg blitt knytt til langvarige konfliktar utan synleg ende.[3]

«Join the Army and See the World». Britisk rekrutteringsplakat frå mellomkrigstida.

Historisk har mange land nytta yrkesforsvar heile eller det meste av tida. Tvungen militærteneste var typisk berre nytta i unntakshøve, som i dei franske revolusjonskrigane. Det britiske forsvaret har lang tradisjon som yrkesforsvar. Også store militærvesen som dei tre største forsvara i verda, i USA, Kina og India, er i dag basert på verva soldatar. Sidan slutten av 1900-talet har ei rekkje europeiske land som tidlegare hadde verneplikt gått over til yrkesfosvar. Sverige innførte profesjonelt forsvar i 2010, som det einaste av dei nordiske landa.[4]

Ulemper med eit slikt forsvar kan vera at det blir større avstand mellom forsvaret og samunnet generelt, eller at det utvikler seg ein eigen militærklasse med eigne normer, makt eller særskilde privilegium. Eit anna problem kan vera at meinige blir verva frå lågarestilte samfunnsklassar eller -grupper, som dermed får høgare tap i krig enn andre.[1] Ei utbreidd oppfatting har vore at slike verva soldatar er råe og mistilpassa samfunnsmedlemmer som treng streng disiplin for å skikka seg.[5] Yrkesoffiserar kan derimot ha høgt ry.[6]

Der ein manglar tradisjon eller andre grunner for å verva seg, kan forsvaret få problem med å få nok kvalifiserte deltakarar. I Storbritannia har ein til dømes fylt ut forsvaret ved å verva soldatar frå tidlegare koloniar, som gurkhaer frå Nepal.[7] I USA får soldatar ulike støtteordningar.[8] Sjansen for å bli send til ein krigssituasjon kan verka avskrekkande for moglege soldatar. Samstundes kan ein krig eller krigstrugsel føra til at fleire verver seg for å forsvara landet sitt eller kjempa ein «god» kamp.[1]

Ein ståande hær er alltid avhengig av nokre fagmilitære med spesialkompetanse. Ein verneplikthær vil derfor også vera delvis profesjonell. I norsk samanheng er Telemark bataljon døme på ei profesjonell hæravdeling frå nyare tid. Det er også blitt hevda at eit system som berre nytter eit mindretal av vernepliktige, som Noreg, er i ferd med å bli eit yrkesforsvar.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Doug Bandow. «The Volunteer Military: Better than a Draft», Cato Foreign Policy Briefing No. 6 (January 8, 1991)
  2. Jeff Shear. «Part I — America in the Hands of a Professional Military», Pacific Standard (April 15, 2011)
  3. Jeff Shear. «War on Terror Promises Era of Persistent Conflict», Pacific Standard (April 29, 2011)
  4. «Svenske erfaringer med helprofesjonelt forsvar», nvio.no (13/1-2014)
  5. NOF, s. 6
  6. «Careers & Jobs», goarmy.com
  7. NOF, s. 25
  8. «Joining the Military», usmilitary.about.com
  9. Mona Vaagan. «– Ikke lenger allmenn verne­plikt», ABC Nyheter (15.09.2007).