Programmeringsspråket C
programmeringsspråk
Leitar du etter programmeringsspråket C++
C er eit programmeringsspråk som vart utvikla tidleg på 1970-talet. Opphavleg var det til bruk for operativsystemet Unix, men har sidan spreidd seg til dei fleste operativsystem, og er no eit av dei mest brukte programmeringsspråka. Program som er laga i C er svært effektive fordi det opererer så nær maskinvaren.
Døme Endra
Dømet nedanfor viser eit C-program som skriv Hallo på skjermen. Me ser korleis koden er sett inn i funksjonen main som returnerer heiltalet 0, som fortel at programmet er køyrt utan feil (det kunne òg ha returnert feilkodar som identifiserer feilårsak).
#include <stdio.h> int main(void) { printf("Hallo\n"); return 0; }