Prosessinstrumentering

Prosessinstrumentering er instrumentering innan prosessindustrien og femnar om utvikling, prosjektering, montering, testing og igangkøyring av instrumenteringsutstyr i industrielle anlegg. Utvikling og prosjektering vert utført av ingeniørar, medan montering og drift vert utført av instrumentteknikarar, automatikkmekanikarar, instrumentrøyrleggjarar og liknande.

Siemens PLS med Profibus,

Instrumentering i prosessanlegg endre

Instrumenta kan vera måleinstrument, -element, -omformarar og grensebrytarar (limit switch), ulike typar pådragsorgan og andre instrument som skal styra desse. Dei kan verta kopla opp med instrumentrøyr som fører ulike målemedium eller instrumentluft, og instrument-kablar.

Reguleringsventil endre

Ein reguleringsventil er eit pådragsorgan for å regulera gjennomstrøyming direkte, eller andre storleikar som t.d. trykk, temperatur eller nivå indirekte gjennom gjennomstrøyminga. Ventilen kan ha ein målar for å gje attendemelding til regulatoren om posisjonen. Denne målaren skal ha instrumentkabel. Ventilen har òg ein ventilstillar (positioner) som skal ha tilførsel av styrestraum og kabel eller instrumentrøyr for tilførsel av energi til å stilla ventilen med. Oppkoplinga mellom ein pneumatisk eller ein elektropneumatisk ventilstillar og aktuatoren på ein reguleringsventil, skjer med instrumentrøyr.

Oppkopling endre

  • Instrumentluft har eit trykk på mellom 5 og 10 barG, og vert brukt til å driva pådragsorgan. Instrumentluft er nesten det same som arbeidsluft, men har større krav til reinsemd. Instrumentrøyr er vanlegvis tynnvegga røyr av plast eller rustfritt stål som vert brukte til å føra fram instrumentluft. Dei vert som oftast skrudde saman med koplingar, ikkje sveiste.
  • Instrumentkabel: Dei fleste instrument brukar svært lite straum og spenning, det vanlegaste er 24 volt likespenning. Likevel har dei avanserte kablar. Kablane har ein støyskjerm, som vert kopla til jord i den eine enden, og fangar opp elektromagnetisk støy frå utsida for å hindra denne strålinga i å påverka grannsemda i måle- og styresignal. Tidlegare var spenningar under 50 volt ein eigen klasse, no er dei tekne inn i definisjonen lågspenning.

Signal endre

Instrument brukar ulike typar signal til å kommunisera med einannan. Tidlegare brukte ein ofte trykk som signalgjevar mellom måleomformarar, regulatorar og pådragsorgan. Då hadde ein luft med eit variabelt trykk som låg mellom 0,2 og 1 bar. Spenning 1-5 volt har òg vorte brukt. I dag er straum nærast einerådande som signalgjevar. Styrestraumen varierer mellom 4 og 20 milliampere. Måleinstrument som brukar denne standarden, er oftast HART-kompatible, det vil seia at dei samsvarar med ein standard som gjer dei lette å kalibrera og kontrollera. Det finst òg andre standardar som vert brukte.

Sjå òg endre