Opna hovudmenyen

Prosper Avril

haitisk politikar

Prosper Avril (fødd 12. desember 1937 i landsbyen Thomazeau, nær Port-au-Prince) er ein tidlegare president i Haiti som har vore ein av dei mest innflytnadsrike personane i den haitiske politikken dei siste tretti åra.

Prosper Avril
Fødd 12. desember 1937

Thomazeau

Verv President i Haiti
 - periode 1988-1990
 - føregangar Henri Namphy
 - etterfylgjar Hérard Abraham

Avril var leiaren for ein militærjunta som tok makta 17. september 1988, og sat med henne fram til 10. mars 1990, då Hérard Abraham vart konstituert som president. Han vart seinare arrestert, og sikta av ei rekkje menneskerettsorganisasjonar for alvorlege lovbrot og mange brot på menneskerettane. Han vart også arrestert i 2001, kort tid etter at Jean-Bertrand Aristide vart vald til president, då med grunngjevinga «komplottforsøk mot staten». Han vart halden i fengsel trass i to rettslege avgjersler som gav ordrar om lauslating. Avril slapp ikkje ut att før Aristide måtte gå i eksil i februar 2004.[1]

Han hadde også ei svært høg stilling under regima til François «Papa Doc» Duvalier og Jean-Claude «Baby Doc» Duvalier.

KjelderEndra

ReferansarEndra