31. august 2012 oppstod ein lang protuberans av solmaterie som hadde sveva i atmosfæren til sola, koronaen.

Ein protuberans er eit utbrot av raudlysande gass frå soloverflata. Ein kan observere dei ved solranden med spesielle instrument, til dømes ein koronagraf, og under totale solformørkingar. På fotografi tekne i hydrogenlys kan ein sjå protuberansar som mørke striper med ulik form (filament) projisert mot solskiva.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Protuberans