Provinsen Napoli
![]() | |
Nasjon | ![]() |
Region | Campania |
Hovudstad | Napoli |
Areal | 1 171 km² |
Folketal (2005) | 3 092 859 |
Folketettleik | 2 641/km² |
Kommunar | 92 |
Bilnummer | NA |
Postnummer | 80121-80147, 80010-80079 |
Retningsnummer (tlf) | 081 |
President | Riccardo Di Palma |
![]() | |
Plasseringa til Napoli i Italia |
Provinsen Napoli (italiensk Provincia di Napoli ) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Napoli og det er 92 kommunar i provinsen.
Demografi Endra
Provinsen Napoli er den provinsen med høgast folketettleik i Italia. I følgje det statlege statistikkbyrået i Italia låg dei seks kommunane med høgast folketettleik (Portici, Casavatore, San Giorgio a Cremano, Melito di Napoli, Napoli og Arzano) i provinsen, og det same gjorde 11 av dei 15 øvste. Han har eit areal på 1 171 km² og totalt 3 092 859 innbyggjarar (2005).
Største kommunar | Innbyggjarar |
---|---|
Napoli | 983 797 |
Giugliano in Campania | 108 492 |
Torre del Greco | 88 540 |
Pozzuoli | 82 503 |
Casoria | 81 871 |
Castellammare di Stabia | 65 794 |
Afragola | 63 483 |
Marano di Napoli | 58 978 |
Portici | 57 062 |
Ercolano | 55 310 |
Turisme Endra
Området er ein stort turistdestinasjon i Italia med mange særs kjende turistattraksjonar. Pompeii, den utgravde romerske byen som vart gravlagd av Vesuv i år 79 er av dei mest populære i Italia.[1]
Dei tre øyane Ischia, Procida og Capri i Napolibukta er òg kjende destinasjonar. På Capri finn ein den kjende blå grotta.
Sorrentinahalvøya (og byen Sorrento) har lenge ver ein stor turistdestinasjon og er mellom anna kjend for drikken Limoncello og dei lukseriøse klippene ved havet med villaer, slott, vakttårn , kyrkjer og i Vico Equense gamle gardshus.[2]
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell side Arkivert 2010-12-20 ved Wayback Machine.
Fotnotar Endra
- ↑ ItalianCookingandLiving, arkivert frå originalen 29. august 2003, henta 9. desember 2007
- ↑ SorrentoTourism.com, arkivert frå originalen 10. juni 2007, henta 9. desember 2007
Kjelder Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Napoli frå Engelsk Wikipedia .