Provinsen Teramo
Nasjon | ![]() |
Region | Abruzzo |
Hovudstad | Teramo |
Areal | 1 948 km² |
Folketal (2005) | 296 063 |
Folketettleik | 152/km² |
Kommunar | 47 |
Bilnummer | TE |
Postnummer | 64100 |
Retningsnummer (tlf) | 0861 |
President | Ernino D'Agostino |
![]() | |
Plasseringa til Teramo i Italia |
Provinsen Teramo (italiensk Provincia di Teramo) er ein provins i regionen Abruzzo i Italia. Hovudstaden er byen Teramo. Han har eit areal på 1 948 km² og totalt 296 063 innbyggjarar (2005). Det er 47 kommunar i provinsen. Teramo grensar til provinsen Ascoli Piceno i regionen Marche i nord, provinsen L'Aquila i sør og sørvest og til provinsen Rieti Lazio i vest. I sør ligg provinsen Pescara og i aust Adriahavet.
GeografiEndra
Landskapet i provinsen Teramo er dominert av Adriahavet i aust og Appenninane i vest. Provinsen er delt i nord go sør av åsar og dalar som går frå Appenninane og nesten ut til kysten. I tillegg til hovudstaden er dei viktigaste økonomiske sentera Roseto degli Abruzzi og Giulianova med innbyggjartal på litt over 20 000 kvar.
Toppane til Gran Sasso stig opp i vest, medan Monti della Laga dominerer grenseområda i nord. Den høgaste toppen i Gran Sasso er Corno Grande med ei høgd på 2 912 moh. Her ligg òg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. I motsetnad til det kuperte og isolerte Gran Sasso-området, har Monti della Laga tjukke skogar, djupe gjel og rullande sider og dalar med flotte fossefall.
Aust i provinsen ligg det sju strender, dei såkalla «sju søstrene», ved Adriahavet. Her finn ein feriestader med svært fin, kvit sand med mildt middelhavsklima, palmar, furuar og oleander.
Største kommunaneEndra
Stand: 1. januar 2009
Kommune | Ibuarar |
---|---|
Teramo | 55 015 |
Roseto degli Abruzzi | 24 779 |
Giulianova | 23 343 |
Martinsicuro | 16 993 |
Silvi | 15 622 |
Pineto | 14 430 |
Alba Adriatica | 12 174 |
Atri | 11 326 |
Sant’Egidio alla Vibrata | 9 675 |
Tortoreto | 9 631 |
Mosciano Sant’Angelo | 9 065 |
Montorio al Vomano | 8 184 |
Campli | 7 558 |
Castellalto | 7 439 |
Bellante | 7 295 |
Notaresco | 6 979 |
Civitella del Tronto | 5 459 |
Sant’Omero | 5 444 |
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Teramo frå Engelsk Wikipedia .