Ei psykisk eller mental liding er ei form for liding eller sjukdom som ein først og fremst rammer medvit og åtferd og ikkje synleg den fysiske kroppen. Lidingane kan påverka oppførsel, veremåte og tankemønster (kognisjon og kjensler), og kan få stor verknad på korleis ein fungerer i dagleglivet og samfunnet. Forståinga av psykiske lidingar har utvikla seg over tid, og kan vera ulik i ulike kulturar. Psykiske lidingar har òg vore omtalt som sinnsforstyrringar og noko lausare som galskap eller mani.

Fotografisk framstilling av depresjon.
Jesus driv ut demonane Legio. Illustrasjon frå mellomalderen.

Ein kan mellom anna dela psykiske lidingar inn i dissosiasjonslidingar, stemningslidingar, angstlidingar, psykotiske lidingar, eteforstyrringar, utviklingsforstyrringar, personlegdomsforstyrringar og fleire andre kategoriar. Lidingane kan ha fleire årsaker, til dømes arv, fysiokjemiske, psykologiske eller sosiale tilhøve, som kan verka saman. Det finst fleire ulike behandlingsmåtar, der psykoterapi og psykiatrisk medisin er dei viktigaste innan moderne helsevesen. Innan tradisjonell og alternativ medisin har ein mellom anna brukt åndeutdriving eller «healing» som behandling, og i nokre høve sett på dei såkalla lidingane som ein gudegåve som kan brukast til vidare utvikling.

Sjå og også endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre