Puffa ris
Puffa ris er ein puffa korntype laga av puffa riskorn.
Ein vanleg metode for å puffa ris er å varma han opp under trykk saman med damp, og deretter la risen tørka, men det finst mange ulike teknikkar. Nokre gjev sprø puffa riskorn, andre gjev seigare korn.[1] Puffa ris er kjend frå Sør-Asia, og blir ofte brukt til frukostblandingar og søtsaker. Han er vanleg i ulike rettar og gatemat i India, Bangladesh og Nepal, i tillegg til i Korea.
At puffa ris er populært i den vestlege verda blir vanlegvis tilskrive den amerikanske botanikaren Alexander P. Anderson, som fann opp ein puffemetode då han skulle finna mengda væske i stive. Han introduserte den første rispuffemaskinen i 1904 på verdsutstillinga i Saint Louis.[2]
Puffa ris blir mellom anna brukt i riskaker, rissjokolade og frukostblandingar.
Galleri
endre-
Matretten Bhelpuri.
-
Krydra puffa ris.
-
Sjokolade med puffa ris og peanøtt.
Kjelder
endre- ↑ «What is a Rice Krispy? What is it made out of and how do they make it?». howstuffworks.com. Henta 19. januar 2019.
- ↑ Frederick L. Johnson (2012) http://www.mnopedia.org/person/anderson-alexander-p-1862-1943 Anderson Alexander P (1862-1943), <[http: //www.mnopedia.org www.mnopedia.org]>, les 2019-01-19
- Denne artikkelen bygger på «Puffa ris» frå Wikipedia på svensk, den 2. august 2021.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: «Puffed rice». en.wikipedia.org. 19. januar 2019.