Pull Up Some Dust and Sit Down

Pull Up Some Dust and Sit Down
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve 30. august 2011
Innspelt 2010–11
Studio
Sjanger americana, roots
Lengd 61:17
Selskap Nonesuch
Produsent Ry Cooder
Ry Cooder-kronologi 
I, Flathead
(2011)
Pull Up Some Dust and Sit Down Election Special
(2012)


Singlar frå Pull Up Some Dust and Sit Down
  1. «Quicksand»
    Utgjeve: 29. juni 2010

Pull Up Some Dust and Sit Down er det trettande studioalbumet til den amerikanske musikaren Ry Cooder, utgjeve 30. august 2011 på Nonesuch Records .

Etter albumet I, Flathead i 2007, tok låtskrivinga til Cooder ei meir politisk retning, inspirert av finanskrisa seint i 2000-åra og tidlegare protestsongar. Pull Up Some Dust and Sit Down vart skriven og produsert av Cooder, som spelte inn songar i Drive-By Studios, Ocean Studios og Wireland Studios i California. Han spelte ymse instrument og arbeidde med musikarar som Flaco Jiménez, Juliette Commagere, Robert Francis og Jim Keltner.

Pull Up Some Dust and Sit Down inneheld høvessongar med samfunnspolitiske tema frå Amerika på denne tida, som økonomisk ulikskap, sosial urettferd, politikk og krig. Musikken bestod av americana og nyttar tradisjonelle stilartar og musikalsk språk frå historiske kjelder som countryblues, tejano og amerikansk folkemusikk. Kritikarar nemnte dei allegoriske songane skrivne frå synspunktet til arbeidarklassen og den spottande tekstane til Cooder.

Albumet gjorde det greit på salslistar i USA, men ganske bra i Europa. Cooder sa han var desillusjonert over musikkindustrien på grunn av det relativt dårlege salet av plata. Albumet fekk god kritikk då det kom og han vart samanlikna med visesongaren Woody Guthrie.[1]

Mottaking endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic92/100[3]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
The Daily Telegraph     [5]
The Guardian     [6]
The Independent     [7]
The Irish Times     [8]
MSN Music (Expert Witness)(A−)[9]
The New Zealand Herald     [10]
The Observer     [11]
Q     [12]
Uncut     [13]

Pull Up Some Dust and Sit Down fekk god kritikk då det kom ut. På Metacritic fekk albumet ein score på 92 av 100, basert på 14 meldingar.[3]

AllMusic skreiv at det var «det mest tydeleg, politiske albumet til Cooder... og eit av dei mest morosame, og eit av dei musikalsk mest overtydande han har laga».[4]

Innhald endre

Alle songar skrivne og produserte av Ry Cooder, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«No Banker Left Behind»3:36
2.«El Corrido de Jesse James»4:17
3.«Quick Sand»3:17
4.«Dirty Chateau»5:29
5.«Humpty Dumpty World»4:18
6.«Christmas Time This Year»2:49
7.«Baby Joined the Army»6:35
8.«Lord Tell Me Why» (skriven av Cooder og Jim Keltner)3:01
9.«I Want My Crown»2:37
10.«John Lee Hooker for President»6:08
11.«Dreamer»5:05
12.«Simple Tools»5:07
13.«If There's a God»3:06
14.«No Hard Feelings»5:52

Medverkande endre

  • Ry Cooder – kunstnarisk leiar, bajo sexto, banjo, bass, komponist, gitar, klaverinstrument, mandola, mandolin, marimba, produsent, vokal
  • Rene Camacho – bass
  • Edgar Castro – basstrommer, skarptrommer, perkusjon, timbales
  • Juliette Commagere – korvokal
  • Joachim Cooder – bass, trommer
  • Raúl Cuellar – fiolin
  • Terry Evans – korvokal
  • Robert Francis – bass
  • Arturo Gallardo – altsaksofon, klarinett, saksofon
  • Carlos Gonzalez – trompet
  • Willie Green – korvokal
  • Jesus Guzman – fiolin
  • Ismael Hernandez – fiolin
  • Flaco Jiménez – trekkspel
  • Jimmy Cuellar – fiolin
  • Jim Keltner – komponist, trommer

  • Arnold McCuller – korvokal
  • Pablo Molina – althorn, susafon
  • Erasto Robles – trombone
Teknisk
  • Karina Beznicki – produksjonsoversyn
  • Arthur Moorhead – produksjonskoordinering
  • Martin Pradler – lydteknikar, miksing
  • Bernie Grundman – mastering
  • Al Quattrocchi – kunstnarisk leiar
  • William Reagh – fotografi
  • Jeff Smith – kunstnarisk leiar
  • Susan Titelman – fotografi
  • Paul Turonet – fotografi
  • Vincent Valdez – fotografi
  • Jacques Demêtre – fotografi
  • Robert Edridge-Waks – redigeringskoordinator

Salslister endre

Liste (2011) Plassering
American Albums Chart[14] 123
American Folk Albums[15] 5
American Rock Albums[14] 28
Den austerrikske albumlista[16] 74
Den belgiske albumlista (Flandern)[17] 21
British Albums Chart[18] 26
Den nederlandske albumlista[19] 24
Den finske albumlista[20] 40
Irish Albums Chart[21] 18
Den italienske albumlista[22] 54
Den newzealandske albumlista[23] 28
Norske VG-lista[24] 9
Den spanske albumlista[25] 77
Den svenske albumlista[26] 12
Den sveitsiske albumlistas[27] 64

Kjelder endre

  1. Lanthier, Joseph Jon (14. august 2012). «Ry Cooder: Election Special». Slant Magazine. Henta 20. november 2012. 
  2. «Pull Up Some Dust And Sit Down by Ry Cooder reviews». Any Decent Music. Henta 2. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Pull Up Some Dust and Sit Down Reviews, Ratings, Credits, and More at Metacritic». Metacritic. CBS Interactive. Henta 26. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 Jurek, Thom. «Pull Up Some Dust and Sit Down - Ry Cooder». Allmusic. Rovi Corporation. Review. Henta 26. september 2020. 
  5. Chilton, Martin (3. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down, CD review». The Daily Telegraph (London: Telegraph Media Group Limited). Henta 26. september 2020. 
  6. Denselow, Robin (1. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down». The Guardian (Guardian News and Media Limited). Film & Music section, p. 19.  Posted version at Denselow, Robin (1. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down – review | Music». guardian.co.uk (London). Henta 26. september 2020. 
  7. Gill, Andy (2. september 2011). «Album: Ry Cooder, Pull Up Some Dust and Sit Down (Nonesuch) - Reviews, Music». The Independent (London: Independent Print Limited). Henta 26. september 2020. 
  8. Breen, Joe (9. september 2011). «Ry Cooder». The Irish Times. Henta 30. september 2016.  (krev abonnement)
  9. Christgau, Robert (21. august 2012). «Ry Cooder/Serengeti». MSN Music. Arkivert frå originalen 26. august 2012. Henta 21. august 2012. 
  10. Reid, Graham (8. september 2011). «Album Review: Ry Cooder, Pull Up Some Dust and Sit Down». The New Zealand Herald. Henta 26. september 2020. 
  11. Spencer, Neil (3. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down – review | Music». The Observer (London: Guardian News and Media Limited). The New Review section, p. 37. Henta 26. september 2020. 
  12. Kane, Peter (October 2011). «Ry Cooder, Pull Up Some Dust and Sit Down (Nonesuch)». Q (Bauer Media Group) (303): 117. 
  13. Williamson, Nigel (October 2011). «Ry Cooder, Pull Up Some Dust and Sit Down (Nonesuch)». Uncut (IPC Media) (173): 83. 
  14. 14,0 14,1 «Pull Up Some Dust and Sit Down - Ry Cooder > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 26. september 2020. 
  15. «Folk Albums». Billboard. Nielsen Business Media. 18. september 2011. Week of 24. september 2011. Henta 26. september 2020. 
  16. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». austriancharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  17. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». ultratop.be (på nederlandsk). ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. september 2020. 
  18. «Ry Cooder». The Official Charts Company. View Albums. Henta 26. september 2020. 
  19. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. september 2020. 
  20. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  21. «>> IRMA << Irish Charts - Singles, Albums & Samlealbum >>». Irish Recorded Music Association. 29. september 2011. Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 26. september 2020. 
  22. «Classifiche» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 5. september 2011. Archivio. Arkivert frå originalen 18. mai 2012. Henta 26. september 2020. 
  23. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». charts.nz. Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  24. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  25. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  26. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. september 2020. 
  27. «Ry Cooder - Pull Up Some Dust and Sit Down». hitparade.ch (på tysk). Hung Medien. Henta 26. september 2020.