Pumpellyitt
Pumpellyitt er eit grønleg, epidotliknande mineral, eit monoklint kalsium-magnesium-aluminiumsilikat Ca2MgAl2(SiO4)(Si2O7)(OH)2·H2O.
Pumpellyitt | |||
Ein prøve av pumpellyitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sorosilikat | ||
Strunz-klassifisering | 09.BG.20 |
Det er ganske utbreidd i ulike slags bergartar. Det opptrer òg fleire stader i Noreg.
Mineralet er kalla opp etter R. Pumpelly, 1837–1923, som var ein amerikansk geolog.
Kjelder
endre- Pumpellyitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pumpellyitt.