Puppestadiet er eit livsstadium for insekt med fullstendig forvandling (metamorfose), t.d. biller og sommarfuglar. Ikkje alle insekt går gjennom eit kokongstadium, nemleg insekt med ufullstendig forvandling, t.d. teger og grashopper.

Kokong av sommarfuglen Aporia crataegi.

Utviklingsstadium endre

Insektet byrjar livet som eit egg. Dette blir klekka ut til ein larve. Larven har munn og augo, fordøying, musklar og nervar. Åtferdsmessig lærer han av feil og erfaringar. Han kjem derimot ikkje i pubertet og har ingen kjønnsdelar. Ein dag oppsøker han ein stille stad og går inn i puppestadiet. Nokre nattsommarfuglar grev seg ned; dei gravlegg bokstaveleg talt seg sjølv. Larven skreller så av huda si som ein strømpe. Som puppe er han nærast som ein sigar å sjå til; uten munn, armar og føter, uten evne til å eta, sansa eller gå (nokre kokongar kan likevel vrikka). Mange pupper kapslar seg inn i ein kokong som vernar dei mot farar.

Innvendig går det meste av kroppsvevet i oppløysing. Makrofagar som har vore del av larven sitt immunforsvar byrjar i staden å fortæra kroppsvevet hans. Musklar, tarmar og ein del andre organ blir oppløyste ved at enzym frå fordøyingskjertlane til cellene bryt ned eigne cellestrukturar. Vevet fordøyer seg sjølv i ein prosess kalla «autolyse».[1] Opnar ein puppa, inneheld han ein bleik, feitta masse og litt grønleg saft. Nokre mikroskopiske «øyer» av celler, kalla «imaginalskiver», er framleis i live.[2] Medan puppen var i larvestadiet sitt, låg imaginalskivene spreidde omkring i larvekroppen uten nokon funksjon. Når tida er inne byrja dei å dela seg inne i puppen.[3]

Nærs av den oppløyste blandinga av feitt og safter skapar imaginalskivene eit insekt som ikkje minner om verken larven eller kokongen. Insekt oppstår etter eit prinsipp som skil seg heilt frå dei fleste andre organismar. Dei aller fleste artar blir skapt ved ei gjenteken deling av celler frå den fyrste, befrukta eggcella, der veksten startar som eit midtpunkt og deretter veks i alle retningar. Insekt oppstår derimot nærast samla og samstundes, danna av eit par dusin imaginalskiver.

Typar av pupper endre

Pupepr der ein kan ana formene til det vaksne insektet blir kalla mumiepupper.

Ordsoge endre

Ordet «puppe» kjem av det latinske pupa som betyr 'dokke', og viser til til kor urørleg puppen er.

Kjelder endre

  1. «autolyse». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 7. november 2021. 
  2. Bent Christensen: forvandling i Den Store Danske, Gyldendal. Hentet 2. juli 2018 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=78786
  3. «Slik oppstår sommerfuglene fra en grøt av fett og safter», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 5. februar 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Puppe