Pye Records er eit britisk plateselskap. Pye sine mest kjende artistar var Lonnie Donegan (1956-69), Petula Clark (1957-71) og The Kinks (1964-71). Selskapet bytte namn i 1980, men tok namnet tilbake i 2006.

The Pye Company selde opphavleg TV- og radioapparat. Selskapet kjøpte opp Nixa Records i 1953 og hamna slik i platebransjen. I 1955 kjøpte selskapet opp Polygon Records, eit selskap som hadde far til Petula Clark i kontroll over distribusjonen av platene hennar. Dermed oppstod Pye Nixa Records. I 1959 vart namnet endra til Pye Records, og ATV åtte 50% av selskapet. ATV kjøpte opp dei attverande aksjane i 1966. To underavdelinger oppstod, Pye Golden Guinea Records og Piccadilly Records. I 1970 lanserte Pye folk, jazz, blues og progressive artistar på Dawn Records, og den mest kjende artisten der var Mungo Jerry.

Då namnerettane opphøyrde i 1980, endra selskapet namn til PRT Records. Katalogen hamna då i eige hos Castle Communications.

I 1958 vart Pye International Records starta. Selskapet distribuerte mange amerikanske etikettar, inkludert Chess Records, A&M Records, Kama Suttera Records, Colpix Records, Buddah Records, og King Records i Storbritannia.

I 1960 lanserte Pye lågbudsjettsetiketten Marble Arch som relanserte ei rekkje tidlegare Pye-utgjevingar.

I juli 2006 vart Pye reaktivert av Sanctuary for å utgje «indie» pop og «alternative» artistar.

Kjende artistar på Pye Records

endre

Kjelder

endre