Pyrenéhalvøya (òg kalla Den iberiske halvøya eller Iberia) ligg heilt sørvest i Europa. Her ligg Spania, Portugal, Andorra og Gibraltar og eit veldig lite område av Frankrike. Ho er den vestlegaste av tre store halvøyar i Sør-Europa – Pyrenéhalvøya, Den italienske halvøya og Balkan. Ho grensar i søraust og aust til Middelhavet og i nord, vest og sørvest til Atlanterhavet. Pyreneane dannar den nordaustlege grensa til halvøya og skil ho frå resten av Europa. I sør ligg nordkysten av Afrika. Ho er den nest største halvøya i Europa med eit areal på 582 860 km².

Pyrenéhalvøya i Europa
Store elvar på Pyrenéhalvøya: Miño/Minho, Duero/Douro, Tajo/Tejo, Guadiana, Guadalquivir, Segura, Júcar/Xúquer, Ebro/Ebre.
Plasseringa til forskjellige land og område på Pyrenéhalvøya

Namn endre

Gresk namn endre

Namnet Iberia kjem frå det greske ordet Ἰβηρία (Ibēríā), som greske geografar under Romarriket kalla halvøya. Namnet vart ikkje nytta om eit enkelt land eller eit enkelt folk.[1] Strabon avgrensa Iberia frå Keltikē ved Pyrenane og heile landmassen sør for fjella (han sa feilaktig vest for).

Dei gamle grekarane oppdaga Iberia då dei reiste vestover. Hekataios av Miletos var den første ein veit om som nytta dette namnet, rundt år 500 f.Kr.[2] Herodot av Halikarnassos sa at det var fønikarane som gjorde grekarane kjend med Iberia.[3] I følgje Strabon[4] nytta tidlegare historikarar Iberia om landområdet så langt nord som elva Rhone i Frankrike, men at ein no sette Pyreneane som den nordlege grensa. Polybius respekterer denne grensa[5] men identifiserer Iberia som middelhavssida så langt sør som Gibraltar, medan atlanterhavssida ikkje har noko namn. Andre stader seier han at Saguntum er på sjøsida av åsane som går mellom Iberia og Keltiberia.[6]

Romerske namn endre

Då romarane møtte dei greske geografane, nytta dei Iberia poetisk og talte om iberarane, folket på Iberia.[7] Iberia vart først nemnd av romarane i 200 f.Kr. av diktaren Quintus Ennius. Romarane hadde alt hatt kontakt med folket på halvøya under den lange konflikten med Kartago. Dei romerske geografane og andre prosaforfattarar frå Den romerske republikken kalla heile halvøya Hispania.

Då dei vart politisk interessert i dei tidlegare landområda til Kartago, nytta romarane Hispania Citerior og Hispania Ulterior for det «nære» og «fjerne Spania». Sjølv på den tida var store delar av halvøya Lusitania (Portugal), Celtiberia (Sentral-Spania), Baetica (Andalusia), Cantabria (Nordvest-Spania) og Vascones (Baskarland). Strabon seier at romarane nytta Hispania og Iberia synonymt og delte dei inn i det nære og det fjerne.[4] Han levde i ein periode då halvøya var delt inn i romerske provinsar. I følgje han høyrde nokre av provinsane til folket og nokre til Senatet og nokre til den romerske keisaren. Baetia var den einaste som «høyrde til folket». Språket som vart tala på halvøya vart raskt overteke av latin, bortsett frå baskisk, fordi baskarane var verna av Pyreneane.

Geografi endre

Oversyn endre

 
Eit kart frå 1700-talet over halvøya som viser topografiske trekk. Publisert i Robert Wilkinsons General Atlas, om lag 1794

Pyrenéhalvøya strekkjer seg frå sør ved Punta de Tarifa (36°00′15″N 5°36′37″W) til Punta Estaca de Bares i nord (43°47′38″N 7°41′17″W) over ein avstand på 865 km, og frå Cabo da Roca i vest (38°46′51″N 9°29′54″W) til Cap de Creus i aust (42°19′09″N 3°19′19″E), ein avstand på 1155 km. Den nesten åttekanta forma på halvøya vart samanlikna med ein oksehud av geografen Strabon.[8]

Om lag 3/4 av åttekanten består av Meseta Central, eit platå som ligg nokre hundremeter over havet.[9] Det ligg nesten i midten av halvøya, litt mot aust og heller litt mot vest. Midtpunktet på halvøya har lenge vore rekna som Getafe like sør for Madrid. Platået er omringa av fjell og er kjelda til dei fleste elvane på halvøya.

Kystlinje endre

Kystlinja på Pyrenéhalvøya er 3313 km lang, 1660 km på middelhavssida og 1653 km på atlanterhavssida. Om lag 700 km av sokkelen på atlanterhavssida er berre 10 til 64 km brei. Utanfor sokkelen vert djupna 1000 m.[10]

Topografien under havet nær kysten er saumfart på leit etter olje. Heile sokkelen fell ned i Biscayabukta i nord (ein djup avgrunn) til den iberiske djuphavssletta på 4800 meter djupne i vest og Tajo-sletta i sør. I nord, mellom kontinentalsokkelen og avgrunnen, ligg Galiciabanken.

Fjell endre

Fjella ligg hovudsakleg langs ryggar som går frå aust til vest. Elvane renn hovudsakleg i dalane mellom desse ryggane. I retning mot klokka er dei største fjellkjedene Pyreneane i nordaust, Dei kantabriske fjella langs nordkysten, ei rekkje ryggar som kryssar grensa mellom Portugal og Spania: Sierra de Guadarrama, Sierra de Gredos, Sierra de Gata og Serra da Estrela; i sør finn ein Sierra Morena og Sierra Nevada.

Elvar endre

For meir om dette emnet, sjå elvar i Portugal og elvar i Spania.

Moderne land og landområde endre

Political divisions of the Iberianhalvøya sorted by area:

Land/Landområde Areal på halvøya Utgjer Skildring
  Spania 493 519 km² 85 % utgjer det meste av halvøya
  Portugal 89 261 km² 15 % utgjer det meste av den vestlege delen av halvøya
  Frankrike 540 km² <1 % Fransk Cerdagne er eit lite område i Pyreneane som teknisk sett er ein del av Den iberiske halvøya
  Andorra 468 km² <1 % nord på halvøya i Pyreneane mellom Spania og Frankrike
  Gibraltar km² <1 % eit lite britisk oversjøisk territorium nær sørenden av halvøya.

Store byar endre

Dei største byane på halvøya er Madrid, Barcelona, Valencia, Sevilla, Bilbao, Lisboa og Porto.

Økologi endre

Den austatlantiske fugleruta endre

Pyrenéhalvøya er ein viktig stoppestad for trekkfuglar frå Nord-Europa til Afrika. Til dømes kviler tundrasniper i regionen rundt Cadizbukta.[11]

I tillegg til alle trekkfuglane held fleire millionar vadefuglar frå nord seg her om vinteren i estuara og våtmarksområda, hovudsakleg langs atlanterhavskysten. I Galicia er dette Ria de Arousa, Ria de Ortigueira, Ria de Corme og Ria de Laxe. I Portugal finn ein i Ria de Aveiro avosett, sandlo, tundralo og dvergsnipe. I Ribatejo ved Tajo finn ein avosett, tundralo, myrsnipe, lappspove og raudstilk. I Estuário do Sado finst myrsnipe, raudstilk, storspove og tundralo. I Algarve finn ein polarsnipe, gluttsnipe og steinvendar. Marismas de Guadalquivir-regionen i Andalusia og Salinas de Cadiz er særleg rik på overvintrande vadefuglar: kvitbrystlo, sandlo, sandløpar og svarthalespove i tillegg til mange andre. I Ebro-deltaet finn ein alle fugleartar som er nemnd over.[12]

Førhistorie endre

Steinalderen endre

 
Skjematisk bergkunst på Den iberiske halvøya.

Pyrenéhalvøya har vore busett i minst ein million år, noko funn ved Atapuerca har vist. Her har ein i grotter ved Gran Dolina funne seks hominin-skjelett, datert til mellom 780 000 og ein million år sidan. Desse vart funne i 1994. Ekspertar har diskutert om desse skjeletta høyrer til artane Homo erectus, Homo heidelbergensis, eller ein ny art kalla Homo antecessor.

For rundt 200 000 år sidan kom neandertalarar til Pyrenéhalvøya. For rundt 70 000 år sidan starta den siste istida og moustérienkulturen til neandartalarane vart oppretta. For rundt 35 000 år sidan starta den neandertalske Châtelperronienkulturen.

Det moderne mennesket kom til Pyrenéhalvøya for rundt 30 000 år sidan. Her oppretta dei fleire forskjellige kulturar, nokre av dei med komplekse former for steinalderkunst.

For rundt 5000 år sidan utvikla det seg ei rekkje meir avanserte kulturar som vart opphavet til dei første siviliasasjonane på Iberia. Dei hadde eit omfattande nettverk som nådde Austersjøen, Midtausten og Nord-Afrika.

Bronsealderen endre

 
Iberia i sein bronsealder, om lag 1300 f.kr.
 
Språkområde i Iberia om lag 200 f.Kr.

Bronsealderkulturar utvikal seg frå 1800 f.Kr. då sivilisasjonen Los Millares vart etterfølgd av El Argar. Frå dette senteret spreidde bronseteknologien seg til andre område.

Tidleg på det første tusentalet f.Kr. kom fleire bølgjer av førkeltarar og keltarar frå Mellom-Europa til området og endra delvis det etniske landskapet.

Historie endre

Jernalderen endre

I jernalderen slo dei sjøfarande fønikarane, grekarane og kartagenarane seg ned langs kysten av Middelhavet og grunnla handelskoloniar over ein periode på fleire hundre år. Rundt 1100 f.Kr. grunna fønikiske handelsmenn handelskolonien Gadir eller Gades (dagens Cádiz) nær Tartessos. På 700-talet f.Kr. vart dei første greske koloniane oppretta langs austkysten, som Emporion (dagens Empúries). Grekarane førte namnet Iberia til halvøya etter elva Iber (Ebro). På 500-talet f.Kr. kom kartagenarane til Iberia og kjempa mot grekarane om kontroll over det vestlege Middelhavet. Den viktigaste kolonien deira var Carthago Nova (dagens Cartagena).

Romersk Iberia endre

For meir om dette emnet, sjå Hispania.
 
Romersk erobring av Hispania

I 219 f.Kr. invaderte dei første romerske troppane Den iberiske halvøya under den andre punarkrigen mot kartagenarane. Under Augustus vart det annektert etter to hundre år med krig mot keltiske og iberiske folk, samt koloniane til fønikarane, grekarane og kartagenearane. Her skapte dei provinsen Hispania. Provinsen vart delt i Hispania Ulterior og Hispania Citerior seint i Den romerske republikken og under Romarriket, it vart delt inn i Hispania Taraconensis i nordaust, Hispania Baetica i sør og Lusitania i sørvest.

Hispania gav Romarriket mat, olivenolje, vin og metall. Keisarane Trajan, Hadrian og Theodosius I, filosofen Seneca og diktarane Martial og Lucan var born av familiar frå Iberia.

Germansk Iberia endre

For meir om dette emnet, sjå Det vestgotiske kongedømet og provinsen Spania.
 
Iberia i 560

Tidleg på 400-talet e.Kr. invaderte germanske stammer halvøya, nemleg suevar, vandalar (silingar og hasdingar) og deira alliertte, alanane. Berre kongedømet til suevane (quadar og marcomannar) eksisterte etter ei ny bølgje av germanske inntrengarar, vestgotarar, erobra heile Den iberiske halvøya og dreiv bort eller delvis integrerte vandalane og alanane. Vestgotarane erobra etter kvart òg kongedømet til suevarane og hovudstaden deira Bracara (dagens Braga) i 584-585. Dei erobra òg provinsen Spania frå Austromarriket (552-624) som låg sør på halvøya og Balearane.

Islamsk Iberia endre

For meir om dette emnet, sjå Al Andalus og Islam i Spania.

I 711 invaderte maurarar frå Nord-Afrika det vestgotiske kristne Hispania. Under leiaren Tariq ibn-Ziyad gjekk dei i land ved Gibraltar og førte det mest av Den iberiske halvøya under islamsk styre i løpet av åtte år. Al-ʾAndalūs (arabisk الإندلس : Vandallandet) er det arabiske namnet på Den iberiske halvøya, namngjeve av dei muslimske erobrarane og dei påfølgjande innbyggjararne.

Frå 700-talet til 1400-talet var delar av Den iberiske halvøya styrt av maurarar (hovudsakleg berberar og arabarar) som hadde kryssa over frå Nord-Afrika.

Reconquista endre

For meir om dette emnet, sjå Reconquista.
 
Kart over Spania og Portugal, Atlas historique, dated approximately 1705-1739, of H.A. Chatelain.

Mange av dei bortjaga gotarane søkte tilflukt i dei uerobra høglandet Asturias. Frå her sette dei seg mål om å gjenerobra landområda sine frå maurarane. Denne krigen er kjend som reconquista. Kristne og muslimske kongedømet allierte seg og kjempa mot kvarandre. Dei muslimske taifa-kongane konkurrerte med å verne om kunst, Jakobvegen trekte til seg pilegrimar frå heile Vest-Europa og den jødiske folkesetnaden på Iberia danna grunnlaget for sefardisk kultur.

I mellomalderen var det mange småstatar på halvøya, mellom anna Castilla, Aragon, Navarra, León og Portugal. Halvøya var ein del av det islamske Almohad-riket fram til dei vart heilt drive bort. Den siste store muslimske skansen var Granada, som vart fjerna av ein samla castillansk og aragonesisk styrke i 1492.

Etter Reconquista endre

For meir om dette emnet, sjå portugisisk historie og spansk historie.

Småstatane vart over tid gradvis slått saman, bortsett frå Portugal. Ein kort periode, frå 1580 til 1640, var likevel heile halvøya politisk samla under den iberiske unionen. Etter dette har dei moderne posisjonane oppstått og halvøya består i dag av landa Spania og Portugal (utanom øyane deira dei portugusiske Asorane og Madeira og dei spanske Kanariøyane og Balearane; og den spanske eksklavane Ceuta og Melilla), Andorra, Fransk Cerdagne og Gibraltar.

Kjelder endre

  1. Strabius. «Bok III Kapittel 1 Seksjon 6». Geographica. 
  2. Strabius (MCMLXXXVIII). Geographia (på gresk og engelsk) II. Sett om av Horace Leonard Jones. Cambridge: Harvard University Press. s. 118, Fotnote 1 på 3.4.19. 
  3. I.163.
  4. 4,0 4,1 III.4.19.
  5. III.37.
  6. III.17.
  7. «Iberia, Iberi». Félix Gaffiot's Dictionnaire Illustré Latin Français. Librairie Hachette. 1934. 
  8. III.1.3.
  9. Fischer, T (1920), «The Iberian Peninsula: Spain», i Mill, Hugh Robert, The International Geography, New York og London: D. Appleton og Company, s. 368–377  Downloadable Google Books
  10. «Iberianhalvøya – Atlantic Coast», An Atlas of Oceanic Internal Solitary Waves (pdf), Global Ocean Associates, February 2004, henta 27. september 2009 
  11. Hortas Francisco, Jordi Figuerols (2006). «Migration pattern of Curlew Sandpipers Calidris ferruginea on the south-western coastline of the Iberianhalvøya» (PDF). International Wader Studies 19: 144–147. Arkivert frå originalen (pdf) 17. desember 2008. Henta 27. september 2009. 
  12. Dominguez, Jesus (1990). «Distribution of estuarine waders wintering in the Iberian peninsula in 1978-1982» (PDF). Wader Study Group Bulletin 59: 25–28. Arkivert frå originalen (PDF) 27. mars 2009. Henta 27. september 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar: 40°18′N 3°43′W