Pyriglena
Pyriglena er ei biologisk slekt av gloauge i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Slekta inneheld tre artar, alle funne i Sør-Amerika. Gloauge er 16-18 cm i lengd, veg 25-36 gram og har karakteristiske raude auge som gjev dei namna deira. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, med hofugler i brune til brungule farger på kropp og med svart hale, og hannane er svarte med små flekker av kvitt på ryggen eller venger. Gloauge et ei rekkje insekt, og vil regelmessig følgje vandremaurar for å fange byttedyr som blir skremt bort av maurane.[1] To av gloaugo er vidt utbreidde og livskraftig, men éin art, frynseryggloauge, er trua av utrydding.[2]
Pyriglena | |
Kvitvenggloauge, Pyriglena leucoptera Foto: Dario Sanches
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Pyriglena Cabanis, 1847 |
Artslista
endrePyriglena i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
- Kvitryggloauge, Pyriglena leuconota
- Frynseryggloauge, Pyriglena atra
- Kvitvenggloauge, Pyriglena leucoptera
Ein art utanfor denne slekta, skifergloauge, Rhopornis ardesiacus, ber òg fellesnamnet gloauge og er ein monotypisk art i Rhopornis.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Pyriglena» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2011
Referansar
endre- ↑ Zimmer, K. & M. Isler (2003). «Family Thamnophilidae (Typical Antbirds)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Broadbills to Tapaculos. Handbook of the Birds of the World. Band 8. Barcelona: Lynx edicions. s. 459–531. ISBN 84-87334-50-4.
- ↑ BirdLife International. «Pyriglena atra». IUCN Red List. IUCN. Henta 2 juki 2011.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)