Q eller Q-kjelda (q av tysk quelle som tyder 'kjelde') er eit hypotetisk tapt evangelium eller evangeliefragment. Q blir brukt som forklaring på likskapar mellom Matteus- og Lukasevangeliet.

Illustrasjon av tokjeldehypotesen.

Tokjeldehypotesen, som er den mest utbreidde teorien for å forklare det synoptiske problemet, eller det at dei synoptiske evangelia har fleire nær identiske vers. seier at Evangeliet etter Markus blei skrive først. Lukas og Matteus har så kjent til Markusevangeliet, og brukt det som kjelde då dei skreiv sine evangelium. I tillegg har dei to evangelia noko felles stoff. Dette stoffet reknar ein med stamma frå ei felles kjelde, Q.

Ein har aldri funne Q, heller ikkje fragment av denne. Mange forskarar meiner i dag at det kan dreia seg om ei munnleg kjelde.

Ein hypotetisk rekonstruksjon av teksten blei gjeven ut i 2000 av John S. Kloppenborg, James M. Robinson og Paul Hoffmann. Ein 1990-versjon frå Kloppenberg sitt arbeid kom ut på norsk i samlinga Apokryfe evangelier i serien Verdens Hellige Skrifter i 2001.

Kjelder endre