Råsegl
Eit råsegl er eit firkanta segl som har overkanten festa i ei rå. Ei rå er ei horisontal stong som er hengd opp i masta, eller somme tider fastmontert på masta. Råseglet er den eldste segltypen, og t.d. vikingskipa hadde råsegl. Med tida kom trekanta segl til å erstatte råsegla då råsegla hadde dårlegare eigenskapar enn desse når ein kryssa.

Nordlandsbåten og åfjordsbåten hadde tradisjonelt eit stort råsegl.
Sunnmørsbåten og geitbåten har asymmetrisk råsegl.