Opna hovudmenyen

Rømskog kommune

kommune i Østfold

Rømskog er ein kommune i Østfold fylke.

Rømskog kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Rømskog
Areal 183 km²
 - land 159 km²
 - vatn 24 km²
Folketal 682 (1. januar 2018)
Folketettleik 4 / km²
Målform bokmål
Ordførar Thor H. Ramberg (KrF)
Kommunenr. 0121
NO 0121 Rømskog.svg
Wikimedia Commons: Rømskog
Nettstad: www.romskog.kommune.no

Han grensar i vest og nord til Aurskog-Høland, i aust og sør-aust til Sverige og i sør til Marker. Kommunen vart i 1902 skilt ut frå Rødenes som eigen kommune. Rømskog er med sine rundt 700 innbyggjarar den minste kommunen i Østfold og blant dei minste på landsbasis. Rømskog har vore bebodd sidan før tidleg steinalder. Dei første gardane vart bygd ca 500 f.Kr, men husdyrhold blir anteke å ha vore drive allereie for 4000-5000 år sidan. Gardane Flata og Bøen er truleg blant dei eldste i bygda og mange av dagens gardar stammar frå vikingtiden. Rømskog kyrkje ligg i kommunen.

Geografi og klimaEndra

Rømskog ligg i det øvste hjørnet av Østfold, lengst unna kysten. Landskapet er difor noko høgare enn elles i Østfold, og dei tre høgaste toppane i fylket ligg i Rømskog. Forutan Slavasshøgda 336 moh. som den høgaste, er det Haukenesfjellet og Røvasshøgda, begge 333 moh. Sentralt i kommunen ligg Rømsjøen 137 moh.

KommunevåpenEndra

Kommunevåpenet til Rømskog består av ei tømmersaks som viser at Rømskog er ein skogskommune med lange tradisjonar innanfor skogdrift. Rømskog har ca 129 000 dekar produktiv skog.

KulturEndra

Kommunen har eit rikt kulturliv, med over 30 lag og samskipnader som omfattar alt frå musikkorps og kor til 4H, idrettslag og jeger- og fiskeforening. Rømskog har fått start på A-laget òg.[1]

SandemskolenEndra

Sandemskolen vart bygga i 1922 og er i dag kunstgalleri som blir drive av biletkunstnaren og kunsthandverkaren Arne Lindaas og Guri Lindaas. Galleriet har blant anna ei permanent samling måleri av Waldemar Lindaas, som var Arne Lindaas' far.

Trosterud skolemuseumEndra

Denne skolestova vart bygd på 1860-talet, etter Skoleloven av 1860 som påla kommunane å byggje og drive faste skolar. Skulen hadde to rom, skolestove og kjøkken med sovealkove, og hadde fast lærar som budde i skolestova. Skulen var i drift fram til 1940 og i 1977 vart bygningen sett i stand som skolemuseum.

TusenårsstadEndra

Kommunen sin tusenårsstad er garden Kurøen, som er eit kombinert bygdetun og kultursenter.

NæringlivEndra

Kommunen si viktigaste hjørnesteinsbedrift er Normeka. Zen Resort & Spa ved innsjøen Vortungen vart opna hausten 2008. Spa-hotellet vart bygd for 140 millionar kroner. Utbygginga er av dei største investeringane som er gjort i Rømskog kommune. Konseptet fungerte ikkje og hotellet gjekk konkurs. I januar 2011 vart det selt for 38 millionar kroner. Dei nye eigarane ville etablere eit opplevelsestilbud til konferanse- og privatmarkedet. Det nye hotellet opna 13. mars 2011.

KjelderEndra

  1. Meir informasjon på [www.romskogfotball.com]

BakgrunnsstoffEndra