Røros koparverk

(Omdirigert frå Røros Kopparverk)

62°34.6248′N 11°23.4750′E / 62.5770800°N 11.3912500°E / 62.5770800; 11.3912500

Klokke frå Røros Kobberverk

Røros koparverk var eit bergverk med base på Røros, som var i drift frå 1644 til 1977. Verket var frå starten eit partisipantskap, i 1910 vart verket omgjort til aksjeselskap. I tida etter første verdskrigen stod verket stille i rundt fem år på 1920-talet. Frå midten av 1930-åra var verket så godt som statseigd. Smeltehytta vart nedlagt etter ein brann i 1953. Koparverket gjekk konkurs og drifta avslutta ved utgangen av 1977.

Historie endre

 
Restane etter vaskeverket på Christianus Sextus-gruva
Foto: Tommy Gildseth

Røros koparverk vart starta i ei tid med stor aktivitet i bergverksindustrien. Dei mange krigane i Europa var kostbare for fyrstane, som søkte å dekke kostnadene gjennom produksjon av metall. Kong Christian IV av Danmark-Noreg sende våren 1644 ut eit skriv der han lova å belønne dei som fann metall, og harde straffer til dei som ikkje melde frå om metallfunn. Eit militært dokument frå 1632 syner rett nok at bergverksdrift allereie var i gang ved dei «rørosiske gruber», men det er mutingsbrevet frå 28. august 1644 som har vorte rekna for startpunkt for koparverket.

Eit av dei største funna av kopar var gjort i bygda Kvikne i 1630-åra. Kvikne koparverk var eit av dei største i Noreg på 1600-talet. Folk frå Kvikne tok leiinga ved koparverket på Røros, mellom andre den første direktøren, Lorents Lossius. Han fekk med seg svigerfaren Anders Olsen Bruse, prest i Meldal, samt soknepresten på Tynset, Hans Lauritzen, og grunnla det første partisipantskapet med ansvar for drifta av Røros Verk.

I 1646 skreiv Christian IV ut eit privilegiebrev til Røros koparverk som gav verket einerett på mineral, skog og vassdrag innanfor eit område avgrensa av ein sirkel med radius på fire gamle norske mil, i kring 45 km, med senter i Røros smeltehytte. Privilegieområdet var den såkalla circumferensen. I dette området kunne bøndene verte pålagde å selje varene sine til koparverket, «mot enkel betaling», og utføre transportarbeid for koparverket. Privilegia til koparverket var ei økonomisk bør for bønde i distriket, men gav også inntekter. I heile regionen, også utanfor circumferensen, hadde bøndene inntekter av både transport og leveransar av ved og kol til koparverket.

Den første tida gjekk drifta dårleg. Lønsemda kom særleg frå då Storwartz-feltet vart funne, ei gruve som i dag er kjent som Gamle Storwartz, «Auf die Fortuna». Ho gav så stort utbytte at selskapet var sikra ein trygg økonomisk base. Storwartz-gruva, som ligg ni kilometer nordaust for bergstaden Røros og aust for Glomma, gav mest kopar av alle gruvene til koparverket, om lag 35 000 tonn. Malmen vart frakta med taubane til smeltehytta på bergstaden. Andre store kopargruver aust for Glomma var Christianus Qvintus, Hestkletten, Nyberget og Solskinnsgruva.

Kongens gruve er den største gruva vest for Glomma, 11 km nordvest for Røros. Ho vart knytt saman med Arvedalsgruva og Rauddalsgruva. Kongens gruve var ikkje så rik på koparkis som dei beste gruvene aust for Glomma, derimot var ho rik på svovelkis. Etter Rørosbanen opna i 1877 vart det bygt ei fire km lang taubane til jarnbanelinja i Rugeldalen, og utvinning av svovelkis kom i gang. Meir enn 500 000 tonn svovelkis vart utvunne frå Kongens gruve før ho vart lagt ned.

Olavsgruva var den nest siste gruva til koparverket. Ho var i drift perioden 1936-72. Olavsgruva er den einaste av gruvene på Røros som er open (for gaida omsyn).

Bakgrunnsstoff endre