Rørosmartnan
Rørosmartna er ein årleg marknad og kulturskipnad på Røros som finn stad frå den nest siste tysdag i februar og varer til laurdagen etter. I regel kjem det mellom 70 000 og 80 000 besøkande og marknaden er difor viktig for Røros og distriktet. På åpningsdagen kjem om lag 80 hestesleder med tilreisande frå Sverige og fjellbygdene omkring.
Marknaden har historie frå ein kongeleg resolusjon frå 1853:
- Fra 1854 af skal der i Røros afholdes et Marked, der begynder næst siste tirsdag i Februar Maaned og varer til den påfølgende Fredag
I dag vert det handla med alle slags varer, frå om lag 100 boder. Inne på kafear og lokaler vert det spela gamal dansemusikk frå middag til seint på natta. Den mest populære dansen er Røros-pols.