Røyken kommune

tidligere kommune i Buskerud

Røyken er ein tettstad i Asker kommune i Akershus. Før 2020 var bygda ein eigen kommune i Buskerud fylke, men ho vart 1. januar 2020 slegen saman med grannekommunane Hurum i Buskerud og Asker i Akershus fylke til den nye Asker kommune.[1]

Røyken kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Midtbygda
Areal 113 km²
 - land 112 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Eva N. Eriksen (H)
Kommunenr. 0627
Kart
Røyken
59°44′01″N 10°25′44″E / 59.733611111111°N 10.428888888889°E / 59.733611111111; 10.428888888889
Wikimedia Commons: Røyken
Nettstad: www.royken.kommune.no

Røyken kommune utgjorde den nordlege delen av halvøya Hurumlandet. Vest for halvøya og den tidlegare kommunen ligg Drammensfjorden og i aust ligg Oslofjorden. Tettstader i den tidlegare kommunen er Hyggen, Røyken, Spikkestad, Slemmestad/Bødalen, Nærsnes, Båtstø og Åros.

Flygeleiarsentralen for austlandet låg i Røyken, men er foreslått lagd ned. Det er korte avstandar til Drammen og Oslo, mange av innbyggjarane arbeider difor på denne strekninga. Det er buss-samband til begge byane, dessutan lokaltog til Oslo om Asker, og båt frå Slemmestad til Oslo.

Kyststien langs med Oslofjorden er ein tursti lagt til rette for fotturistar. Det er også Oldtidsvegen, den gamle ferdselsvegen frå Slemmestad til Gullaug i Lier.

Kjende røykenbøringar endre

 
Røyken stasjon i tettstaden Røyken ligg på Spikkestadlinja.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Røyken kommune
  • Martinsen, Terje, 2004-2005, Røyken : bygda og menneskene : 1840-1940, [band 1]. Røyken: Røyken kommune.
  • Martinsen, Terje, 2004-2005, Røyken : bygda og menneskene : 1940-2000, [band 2]. Røyken: Røyken kommune.