Røykkvarts

Røykkvarts er ein brunleg farga varietet av kvarts. Det kan òg vere nesten svart (morion). Fargen kjem av gitterdefektar oppstått i samband med naturleg radioaktiv stråling eller oppvarming. Røykkvarts kan òg lagast kunstig ved radioaktiv påverknad eller oppvarming av fargelaus kvarts. Han vert nytta som smykkestein, til dels under det villeiande namnet 'røyktopas'.

Røykkvarts

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Røykkvarts