Eit røyrblad (røyr, flis) er ei tynn brei stripe av eit materiale som vibrerer for å lage lyd. Flisa vert brukt til treblåseinstrument, og er ofte laga av kjemperøyr, sjeldnare av syntetiske materialar som plast. Tungehorn er eit døme på røyrbladinstrument som har vore brukt i norsk tradisjonsmusikk.

Enkle røyrblad for alt- og tenorsaksofon.

Enkle røyrblader endre

Enkle røyrblad vert brukt for klarinett og saksofon. Flisa vert sett på eit munnstykke og stramma til med ei klemme. Undersida av flisa er heilt flat slik at ho passar munnstykket; oversida vert gradvis tynnare jo nærare ein kjem slutten av flisa. Ho er rektangulært forma, bortsedd frå tuppen som er avrunda for å passe med tuppen av munnstykket. Alle enkle røyrblad har same form, men har ulik storleik for å passa til munnstykket.

Skilnaden på flisene innanfor det same instrumentet er tjukkleiken. Han vert mælt på ein generell skala der 1 er den lettaste og tynnaste, til 5 som er den tjukkaste og tyngste å spela på. Denne skalaen er ikkje standardisert, og kan variere på flisene mellom produsentane. Tjukkleiken av tuppen og byrjinga av røyrbladet og korleis han er mellom har òg ein effekt på lydtyngden. Tettleiken og kor stivt røyrbladet er, vil òg påverka lyden i ulik retning.

Doble røyrblad endre

 
Doble røyrblad til fagott.

Doble røyrblad vert mellom anna nytta på fagott, obo, sekkepipe og engelske horn. Røyrbladet vert putta rett inn i munnen til musikaren, utan å bli festa på eit munnstykke, slik det vert gjort med enkle røyrblad; flisene vibrerer heller mot kvarandre.

Dei doble røyrblada ser ut som to enkle røyrblad som er bøygd og sett saman slik at dei dannar eit hol som ein spiss ellipse. Røyrbladet har òg eit kammer i hælen av flisa som kan ha ulik farge. Styrken på røyrbladet er òg gradert etter den same skalaen som hos enkle røyrblad, frå 1 til 5, der denne skalaen òg kan vera ulik mellom produsentar.

Materiale endre

Dei fleste røyrblad er laga av kjemperøyr, men flis av syntetiske materialar vert òg brukt av nokre få klarinettistar og saksofonistar. Syntetiske røyrblader varer generelt lengre enn dei naturlege motstykka, dei treng ikkje å fuktast før ein spelar, og kvaliteten på røyrblada varierer ikkje så mykje. Mange musikarar meiner derimot at dei har dårlegare lydar enn dei av kjemperøyr, eller brukar dei der lydkvaliteten ikkje er så viktig, slik som i amerikanske marsjerande korps.

Nylege utvikling innan syntetiske røyrblader har laga flisar laga av ei syntetisk polymer-blanding[1], og sidan forsking på dette området har hatt framgang, har syntetiske røyrblad vorte meir akseptert. Flis av syntetisk material er nyttig når ein spelar med lange mellomrom, då flis av kjemperøyr ville ha turka.

Dizien, ei kinesiske transponerande fløyte, har ein spesiell type flis som er laga av ein papirliknande bambusmembran.

Masseproduserte og handlaga røyrblad endre

Frå gammalt av laga musikarane røyrblad frå kjemperøyr ved hjelp av enkle hjelpemiddel, ein prosess som både tok lang tid og var strevsam. Spesialverktøy for å kutte og trimma flisa gjorde arbeidet enklare.

I dag brukar nesten alle spelarar som spelar instrument av enkle røyrblad masseproduserte, sjølv om mange regulerer dei ved å fila eller pussa dei ned. Nokre profesjonelle lagar enkle røyrblad frå botnen av, men dette er tidkrevande og ein treng dyrt utstyr.

Blant dobbelt røyrblad-brukarar lagar berre nokon av dei mest vidarekomne og profesjonelle sine eigne fliser.

Referansar endre