R.E.M. Live
R.E.M. Live Konsertalbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. oktober 2007 | |
Innspelt | 2005 | |
Sjanger | Alternativ rock | |
Lengd | 102:19 | |
Selskap | Warner Bros. Records | |
Produsent | Emer Patten |
R.E.M. Live er eit konsertalbum frå R.E.M. som vart innspela på Point Theatre i Dublin 26. og 27. februar 2005, dei siste konsertane på vinterdelen av turnéen Around The World Tour i høve det 13. studioalbumet deira Around the Sun som vart utgjeve seint i 2004. Det vart utgjeve i Europa 15. oktober 2007 og i USA ein dag seinare, som eit sett med to CD-ar og éi DVD-plate. I februar 2008 vart det også utgjeve som eit sett med tre vinylplater. Framføringane er filma av Blue Leach.
R.E.M. Live inneheld sjeldsynte framføringar av «I Took Your Name» frå albumet Monster (1994) og «Ascent of Man» frå Around The Sun, i tillegg til den då uutgjevne «I’m Gonna DJ». Ein studioversjon av denne songen vart seinare utgjeven på Accelerate frå 2008.
Innhald
endreDVD-en inneheld alle dei same songane i same rekkjefølgje.
CD 1
endre- «I Took Your Name» (frå Monster) – 4:08
- «So Fast, So Numb» (frå New Adventures in Hi-Fi) – 4:40
- «Boy in the Well» (frå Around the Sun) – 5:16
- «Cuyahoga» (frå Lifes Rich Pageant) – 4:25
- «Everybody Hurts» (frå Automatic for the People) – 6:49
- «Electron Blue» (frå Around the Sun) – 4:13
- «Bad Day» (frå In Time: The Best of R.E.M. 1988-2003) – 4:26
- «The Ascent of Man» (frå Around the Sun) – 4:12
- «The Great Beyond» (frå Man on the Moon) – 4:49
- «Leaving New York» (frå Around the Sun) – 4:48
- «Orange Crush» (frå Green) – 4:27
- «I Wanted to Be Wrong» (frå Around the Sun) – 5:02
- «Final Straw» (frå Around the Sun) – 4:10
- «Imitation of Life (song» (frå Reveal) – 3:53
- «The One I Love» (frå Document) – 3:27
- «Walk Unafraid» (frå Up) – 5:02
- «Losing My Religion» (frå Out of Time) – 4:53
CD 2
endre- «What’s the Frequency, Kenneth?» (frå Monster) – 4:06
- «Drive» (frå Automatic for the People) – 5:41
- «(Don’t Go Back To) Rockville» (frå Reckoning) – 4:39
- «I’m Gonna DJ» (seinare utgjeven på Accelerate) – 2:27
- «Man on the Moon» (frå Automatic for the People) – 6:46
Kjelder
endre- Artikkelen var opphavleg basert på «R.E.M. Live» på Engelsk Wikipedia.
Bakgrunnsstoff
endre- McCaughey annonserer albumet Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.