RS «Biskop Hvoslef»
RS 38 «Biskop Hvoslef» var den første redningsskøyta Bjarne Aas teikna for Redningsselskapet. Ho vart bygd av Brødrene Løvfald på Løfallstrand i Sunnhordland og levert i 1932. Skøyta var kravellbygd med eikehud på furuspant. «Biskop Hvoslef» hadde kryssarhekk og var noko større enn dei tidlegare skøytene til Redningsselskapet som Colin Archer stod bak. Men mykje av linjene til Archerskøytene vart ført vidare til Aas sine skøyter.
RS 38 «Biskop Hvoslef» | ||
«Biskop Hvoslef» i 2006. Riggen er meir lik Colin Archer-skøytene, med lenger gaffel og gaffelsegl på mesanmasta. | ||
Verft: | Brødrene Løvfald på Løfallstrand | |
Konstruktør: | Bjarne Aas | |
Byggjeår: | 1932 | |
Byggjepris: | 49 448,52 kroner | |
Oppkalla etter: | Biskop Fredrik Waldemar Hvoslef | |
Finansiering: | Hvoslef, New York | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | Eik og furu | |
Lengde: | 16,85 m | |
Breidde: | 5,27 m | |
Djupgåande: | 2,63 m | |
Motor år: | 1932 | |
Motor: | 50/80 hk | |
Ny motor år: | 1955 | |
Ny motor: | GM 150 hk | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1933 | |
Ut av teneste: | 1969 | |
Menneskeliv berga: | 49 | |
Fartøy berga: | 9 | |
Fartøy assistert: | 2028 | |
Sjuketransport: | 56 | |
«Biskop Hvoslef» vart levert med bermudarigg. Det var mykje på grunn av dei raskaste seglbåtane tidleg på 1930-talet var bermudarigga. Mastene måtte då vere ein god del høgre enn dei var på dei gaffelrigga skøytene. Bermudariggen viste seg ueigna. «Biskop Hvoslef» var rigga om etter berre eit år. Ho fekk då gaffelstorsegl, men hadde framleis bermudamesan. Mastene vart nedkorta. I tillegg til full seglføring fekk ho motor på 50/80 hk. Den som styrte skøyta hadde plass i ein styrebrønn som hadde vindskjerm. Under motorskifte og ombygging i 1955 vart det bygd styrehus.
«Biskop Hvoslef» vert finansiert gjennom gåve frå kaptein Hvoslef og frue i New York. Skøyta fekk namn etter far til gjevaren: biskop Fredrik Waldemar Hvoslef.
Redningsselskapet selde «Biskop Hvoslef» i 1969.
I 1992 kjøpte Stiftelsen Biskop Hvoslef i Malangen redningsskøyta. I 2006 og 2007 vart ho restaurert ved Nord-Norsk Fartøyvernsenter i Gratangen. Skøyt vert i dag utleigd til ymse turar.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
- R/S 38 Biskop Hvoslef
Bakgrunnsstoff
endre- RS «Biskop Hvoslef» i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren