RS «Christiania»
RS 10 «Christiania» er ei tidlegare redningsskøyte om vart bygd for Redningsselskapet av Carl Arnold ved Christiania Baatbyggeri i 1896. Ho vart bygd etter Colin Archer sin teikningar til Colin Archer-typen. Ho var bygd i furu og eik og er 14,10 meter lang. Skøyta vart finansiert vart finansiert gjennom pengar innsamla på tivolimarknad på Akershus festning i Christiania. Ho kosta kroner 9314,37.
Medan ho var i drift for Redningsselskapet var skøyta stort sett stasjonert i Finnmark. Ho redda 257 menneske frå ein sikker daude. 2901 fartøy vart berga eller fekk assistanse. Mannskapet på RS «Christiania» vart heidra med Emile Robins belønning for kryssingssesongen 1903–1904.
I 1932 vart «Christiania» seld til los Wollan i Kristiansund. Under krigen vart ho rekvirert av tyske styresmakter. Ho vart ombygd til fraktefartøy og fekk nytt namn. Frå 1977 har ho vore eigd av familien Petersen i Asker.
9. september 1997 sokk «Christiania» utanfor Mandal. Dei som var ombord vart redda. Skøyta vart attfunnen ved hjelp av fjernstyrt miniubåt (ROV). Ho låg då på 497 meters djupn i Norskerenna. I mai 1998 vart ho heva og transportert til Brevik for reparasjon. Årsaka til havariet var at botnstokken under masta hadde vorte skøytt under bygging, og ikkje laga av heilvaksen stokk slik Colin Archer sine byggespesifikasjonar gjekk ut på. «Christiania» vart sjøsett etter reparasjonen i mai 2000.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002