Opna hovudmenyen
RS 4 «Feie»
Status:  Restaurert
Leverandør:  Colin Archer , Larvik
Verft:  Colin Archer
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1893
Byggjepris:  7 558,88 kroner
Oppkalla etter:  Feie, stasjoneringsstaden
Finansiering:  Innsamling i Bergen Kreds av NSSR
Eigenskapar
Materiale: Eik og furu
Lengde:  11,54 meter
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1893
Ut av teneste:  1905
Menneskeliv berga:  75
Personer assistert:  211

RS 4 «Feie» er ei tidlegare redningsskøyte som vart bygd av Colin Archer etter losskøyteteikningar. Ho fekk i tillegg vasstett garnering, skott og banjer. Som dei andre av Archer sin losskøyter hadde ho berre ei mast. Ho var 11,54 meter lang, noko leger enn dei fleste losskøytene. RS «Feie» kosta 7558,88 kroner. Ho vart finansiert av midlar innsamla av Bergen Kreds av NSSR.

Første året var det losane i Korsfjorden som stod for drift og bemanning. I 1894 vart ho heilt overteken av Redningsselskapet. Skøyta fekk namnet «Feie» etter Fedje, staden ho skulle stasjonerast.

I dei åra ho var i drift fekk 211 fartøy assistanse av RS «Feie». 75 menneske vart redda frå "ein sikker daude".

Redningsselskapet selde skøyta i 1905 til Losvesenet. Dette hadde henne til 1927 då ho vart seld til Troms og ombygd til fiskefartøy. Etter det har ho hatt fleire eigarar. RS «Feie» er no restaurert.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002