Opna hovudmenyen
RS (7) «Frithjof»
Status:  seld
Leverandør:  Erik Iversen, Hemnesberget
Konstruktør:  Franz Martens
Byggjeår:  1894
Eigenskapar
Lengde:  45' (14,12 meter)
Breidde:  12' (3,77 meter)
Djupgåande:  5,2' (1,57 meter)
Motor år:  1895
Motor:  12 hk
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1895
Ut av teneste:  1896

RS (7) «Frithjof» var den første redningsskøyta med motor. Ho var og bygd for å kunne brukast som fiskefartøy.

Redningsselskapet vedtok i 1893 å bygge ei skøyte som ein skulle setje motor i. Redningsfunksjonen skulle kombinerast med fiske. Det vart inngått avtale med Edvard Johannessen Meisfjord om bruk av skøyta som garnbåt. Han overtok «Frithjof» frå båtbyggjar Erik Iversen, Hemnesberget i juni 1894.

Om hausten skulle Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV) sette inn ein motor på 12 hk. Motoren skulle leverast av Campbell Gas Engine Company, Halifax, England. Han vart forseinka og ved montering synte det seg at viktige delar mangla. Dei måtte lagast av TMV. Motoren vog nærmare 2000 kg, og det var store problem med å få han til å passe i skøyta. Den 1. februar 1895 var skøyta klar for innsats for Redningsselskapet.

«Frithjof» fungerte aldri tilfredsstillande. Det vart ikkje utført eit einaste redningsoppdrag og resultatet av fisket var lite tilfredsstillande. I 1896 vedtok Redningsselskapet å selje skøyta. Båt og motor vart seld kvar for seg. «Frithjof» vart stroken or skøyteregisteret. Registreringsnummeret vart overteke av RS 7 «Bergen».

Redningsselskapet ville kalle skøyta «Fridtjof Nansen», men fekk ikkje løyve til det. Namnet vart skrive «Frithjof» av førar Meisfjord. Redningsselkapet skreiv «Fridthjov».

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002