RS «Idun»

redningsskøyte

RS 44 «Idun» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1937. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør . Ho fekk namn etter Livsforsikringsselskapet Idun, som gav skøyta til Redningsselskapet. 1970 vart ho teken ut or teneste og seld. Ho vart då omdøypt til «Odin». Seinare har ho fått att det opphavlege namnet.

RS 44 «Idun»
Leverandør:  K. Christensen & Co. i Risør
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1937
Byggjepris:  79 206 kroner
Oppkalla etter:  Livsforsikringsselskapet Idun.
Finansiering:  Livsforsikringsselskapet Idun.
Namn i dag:  «Idun»
Eigenskapar
Tonnasje:  45 BRT
Lengde:  18,50 meter
Breidde:  6,00 meter
Djupgåande:  3,00 meter
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1937
Ut av teneste:  1969
Menneskeliv berga:  40
Fartøy berga:  6
Fartøy assistert:  516
Sjuketransport:  103

«Idun» står på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy. I 2008 vart det løyvd 1,3 millionar kroner frå Riksantikvaren til utskifting av dekket, etter at gjentekne nedslipingar av det originale dekket hadde medført lekkasjar som var uråd å utbetre.

«Idun» er nå privat eide og høyrer heime i Oslo. Den går som charterbåt i sommarhalvåret.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  • RS «Idun» i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren