Opna hovudmenyen
RS 52 «Ole O.Lian»
Verft:  Lindstøl Skipsbyggeri
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1940
Byggjepris:  Kr 124 314,46
Oppkalla etter:  Ole Olsen Lian
Finansiering:  LO
Eigenskapar
Materiale: Eik og teak
Lengde:  19,0 meter
Breidde:  5,45 meter
Djupgåande:  3,40 meter
Seglareal:  120 m²
Motor år:  1940
Motor:  100/140 hk Union semidiesel
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1940
Ut av teneste:  1975
Menneskeliv berga:  24
Fartøy berga:  10
Fartøy assistert:  670
Dykkeroppdrag:  11
Sjuketransport:  141

RS 52 «Ole O. Lian» er ei tidlegare redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet hos Lindstøl Skipsbyggeri i Risør i 1940. Ho var den siste av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassa som vart bygd for redningsselskapet. Ho vart bygd av midlar gitt av LO, og oppkalla etter fagforeiningsleiaren Ole Olsen Lian. Skøyta er bygd i eik. Dekket er av teak. Første motorinstallasjonen var ein 100/140 hk Union semidiesel.

Skøyta har gjennom 35 år i Redningsselskapet vore gjennom fleire oppgraderingar og ombyggingar. Ny motor, GM diesel 220 hk vart installert i 1965. Styrehus har vorte bytt to gonger, og mastene har vorte fjerna, slik at «Ole O. Lian» vart ei rein motorskøyte.

RS «Ole O. Lian» har i åra 1940–75 redda 24 personar frå ein sikker daude, og assistert til saman 680 fartøy. Ho har vore stasjonert i Langesund, Kilsund, Rasvåg, Tananger, Haugesund og fleire stadar i Nord-Noreg. Ho var og ein periode på Svalbard.

Skøyta vart i 1975 seld til fiskerifagskulen i Bodø. Der vart ho brukt som som opplæringsfartøy fram til 1994 under namnet «RAUD». Her fekk ho fleire oppgraderingar og meir moderne utrusting.

Skøyta er i dag i privat eige som veteranfartøy. Ho står på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy. Fartøyet er i dag ytterlegare oppgradert teknisk med bl.a. moderne navigasjonshjelpemidel som radarar, elektroniske kart og GPS, nytt elektrisk anlegg og hovudmotor

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra